Usemje mellom partane

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Usemje mellom partane

I nokre saker kan det vera vanskeleg å finne gode løysingar saman. Om barnehagen/skulen vurderer  at dei har gjort alt dei kan innanfor det dei meinar er rimeleg å forventa at dei kan gjera, og barn/unge/føresette framleis ikkje opplever ønska betring av miljøet, kan partane søkja hjelp frå andre partar.

Heimeside Sauda kommune:

På heimesidene til barnehage og skule kan føresette finne informasjon om korleis dei skal gå fram om dei har uro for miljøet til barn/unge. Tilsette kan gjerne vise føresette til desse sidene/gi informasjon om desse i foreldremøte.

Informasjon barnehage

Informasjon skule

Mobbeombod:

  • Kvart fylke har sitt eige mobbeombod der alle partar kan ta kontakt for råd og rettleiing.

Barnehage:

  • Rådgjevarar hos Statsforvaltaren kan gi råd og rettleiing av meir generell karakter.
  • Partane kan ta kontakt med kommunalsjef og be om ei vurdering av saka.

Skule:

  • Rådgjevarar hos Statsforvaltaren kan gi råd og rettleiing av meir generell karakter.
  • Partane kan ta kontakt med kommunalsjef og be om ei vurdering av saka.
  • Barn, unge og føresette i skule kan også melda frå om mobbing til Statsforvaltaren.
  • Føresette bør ha vore i kontakt med skulen før dei melder frå til Statsforvaltaren. (Prøvd å løysa saka på lågast mogleg nivå.)