Samhandling barnehage/skule og PPT/andre tenester
Målet er at alle barn og unge opplever å få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske tilbodet skal bli sett i samanheng, og det er eit mål at dei fleste barn/unge skal få den hjelpa dei treng innanfor eit godt tilpassa ordinært tilbod. For nokre barn/unge vil likevel spesialpedagogisk hjelp vera naudsynt for å kunne tilpassa, organisera og gjennomføra tilbodet.
Barn/unge meistrar på ulike nivå. Spesialpedagogisk hjelp/-undervisning kan vera aktuelt om barn/unge ikkje har eit tilfredsstillande utbyte når ulike former for tilpassingar er prøvd ut over tid, utan tilfredsstillande utvikling for barn/ungdom. Før eit slikt behov blir vurdert skal andre grep for å hjelpa barn/ungdom vera prøvd ut. Dei grepa handlar i hovudsak om kva leiing/tilsette gjer, og om samhandling internt og eksternt.
Det er PPT som er barnehagen/skulen sin sakkunnige instans og som har heimel til å vurdera om barn/ungdom kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp/-undervisning. Det er styrar/rektor som fattar enkeltvedtak som gir rett, eller ikkje rett, til spesialpedagogisk hjelp/-undervisning - basert på sakkunnig vurdering frå PPT. Andre involverte fagtenester kan som del av ein samhandlingsprosess gi faglege råd om kva barn/ungdom har behov for. Dei faglege råda skal ikkje omhandla organisering- eller omfang av personalressursar.
Eit spesialpedagogisk tilbod handlar ikkje om ressursfordeling i form av tilsette/tid/timar. Styrar/rektor kan styrka innsatsen rundt barn/unge med ekstra behov i kortare eller lengre periodar, utan at det ligg føre enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/-undervisning. Ressursane barnehagen/skulen disponerer er med få unntak dei same med eller utan enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
Under blir prosessen med samhandling PPT - barnehage/skule og evnt. andre helse-/velferdstenester beskrive. I tillegg blir det beskrive andre rolle/oppgåver PPT har i sitt mandat.
For barn/unge med meir omfattande og varig nedsett funksjonsnivå kan det framstå heilt klart at dei har behov for spesialpedagogisk hjelp/-undervisning. For dei vil framdrift i prosessen vera noko annleis.
1. Kva gjer tilsette når dei har uro for eit barn/ungdom si utvikling?
- Ved uro for barn/unge si emosjonelle, sosiale og/eller læringsmessige utvikling, skal de følgja handlingsrettleiar for BTI, frå nivå 0.
- Involvering: Hugs å snakk med barn/ungdom. Kva meinar dei sjølv dei treng av hjelp? La dei få lov til å vera ein aktør (ha ei aktiv og ansvarleg rolle, tilpassa føresetnadane) i eige liv, på alle områder. Det betyr ikkje ansvar for eiga læring/utvikling.
- Tiltak: Det kan opplevast som ein sterk inngripen i eit barn/ungdom sitt liv å definera det slik at dei treng eit spesielt tilbod. Målet er derfor å gi barn/ungdom hjelp innanfor det ordinære, så langt råd er. For å få til dette, er det viktig å vurdera gode grep innanfor følgjande faktorar:
- Tilpassing av tilbodet, med omsyn til relasjonar, metodar, verktøy/utstyr/læremiddel. Barn/unge si stemme om kva som har effekt, er sentral.
- Organisering av tilbodet, t.d med omsyn til tid (inndeling av dagen/timane), ressursar (styrkingstilbod), kompetanse (rett kompetanse til rett tid, på rett stad.)
- Gjennomføring. Sikra hjelp, støtte og rettleiing til tilsette som skal gjennomføra tiltak. Det er viktig at også tilsette opplever meistring. Ein sentral faktor for god gjennomføring er at pedagogar/lærarar/andre tilsette som har ansvar for tilbodet jobbar tett saman i planlegging, gjennomføring og evaluering om eit tilbod som er tilpassa alle i gruppa/klassen. Ein gylden regel er å unngå å gjera det spesielt det som kan gjerast universelt.
- Tilsette i barnehagen/skulen jobbar i hovudsak sjølv på dette nivå, i tett dialog og samarbeid med barn/ungdom og føresette.
- Ingen skal eiga ei utfordring åleina. Det må vera både kultur og struktur i eininga for at tilsette kan bruka planleggingstida si saman.
- Særskilte styrkingstiltak blir dokumentert.
2. Kva gjer de om det er behov for meir hjelp?
- PPT er den første teneste barnehage/skule skal kontakta for å få meir hjelp til å tilpasse tilbodet innanfor det ordinære. Sjå BTI-rettleiar nivå 1.
- PPT er barnehage/skule sin faglege rettleiarteneste, og dei skal bidra med kompetanse som kan hjelpa til med å tilpassa tilbodet til alle innanfor det ordinære, dvs. eit heilskapleg blikk på tilbodet for å leggje tilrette for barn/ungdom.
- I hovudsak blir dette å rettleia tilsette om kva dei kan gjer/sei som hjelper barn/ungdom til å vera sosialt og læringsmessig/fagleg inkludert saman med dei andre.
- Det er viktig å involvera PPT før det blir kritisk.
- Via samarbeidet med PPT kan ein kopla andre helse- og velferdstenester på. Sjå BTI-rettleiar nivå 1.
- Ein skal ikkje tilvisa eit barn/ungdom til PPT på dette nivå. Dette er eit lågterskel-tilbod og ein nyttar barnehagen/skulen sin kontaktperson.
- PPT-kontakten har faste tider/dagar i barnehagane/skulane. Dei tilsette kan be om hjelp desse dagane.
- Ved oppfølging av enkeltbarn/unge må føresette gi eit samtykke. Sjå forenkla samtykke i BTI-rettleiar.
- Ved oppfølging av gruppe/klasse trengs ikkje samtykke. Føresette har likevel rett på informasjon om det er noko dei bør kjenne til i miljøet i barnehagen/skulen. (Avdeling/klasse.)
- NB! Det er barnehagen/skulen som har all dokumentasjonsplikt før formell tilvising til PPT. Også det som omfattar eit samarbeid med PPT. Døme: Referat frå samarbeidsmøter med PPT, tiltak som blir prøvd ut etter rettleiing frå PPT.
EVALUERING - kva er neste steg?
- Om ein ikkje lukkast med å gi barn/ungdom eit tilfredsstillande tilbod innanfor det ordinære, sjølv når tiltak/justeringar på alle område er prøvd ut over tid, så er det tid for å ta "ein fot i bakken" - Å evaluera SAMAN. Barn/ungdom, føresette, barnehage/skule og PPT
- Evaluering FØR eventuell tilvising til PPT (DOCX, 21 kB)
- Barnehagen/skulen har dokumentasjonsplikt av analyse/refleksjonar som kjem fram i evaluering. (Skule finn mal i Sikker Sak.)
4. Enkeltvedtak
- Basert på råd i den sakkunnige vurdering fattar styrar/rektor enkeltvedtak om rett til-, eller avslag på rett til, spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
- Styrar/rektor si vurdering baserer seg på korleis han/ho vurderer at dei kan gi barn/ungdom ei tilrettelegging gjennom tilpassing, organisering og gjennomføring av tilbodet.
- Ved avslag må styrar/rektor i enkeltvedtaket begrunna korleis dei vil møta barn/unge sine behov for hjelp på ein annan måte enn ved spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
- Enkeltvedtaket er som hovudregel gjeldande for inntil eit barnehage-/skuleår.
- For barn/unge med varig nedsett funksjonsnivå, og behov for hjelp, kan enkeltvedtaket gjelda for ein lengre periode. Aldri lengre enn dato for sakkunnig vurdering.
- Enkeltvedtaket kan også gjelda for kortare periodar enn eit år.
- Det er også mogleg å opphøyra enkeltvedtak, om barn/ungdom ikkje lengre har behov for eit spesialpedagogisk tilbod.
- NB! Det kan ikkje bli skrive enkeltvedtak utan at sakkunnig vurdering ligg føre.
5. Individuell opplæringsplan (IOP)
- Barn/unge som har fått rett til spesialpedagogisk hjelp/-opplæring, skal ha ein individuell opplæringsplan (IOP) for dei områda/fag retten omfattar.
- Det kan ikkje bli laga ein IOP utan at enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/opplæring er utarbeidd.
- Det kjem fram av mal for IOP kva som skal vera innhald i denne.
- Tilbodet til barn/ungdom skal følgja innhald i IOP.
HALVÅRSEVALUERING - kva er behova framover?
- Undervegs i barnehage-/skuleåret (halvårsvurdering i skule) gjennomføres ei halvårsevaluering.
- Undervegs i eit barnehage-/skuleåret er rekna til å vera desember/januar, i samband med halvårsvurdering i skule.
- Barnehage/skule kallar inn til evalueringsmøte for dei barn/unge som har enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/-opplæring.
- Undervegsevaluering spesialpedagogisk hjelp_barnehage-skule (DOCX, 23 kB)
- Barnehagen/skulen har dokumentasjonsplikt.
6. Årsrapport spesialpedagogisk hjelp/-opplæring
07. Ytterlegare behov for hjelp til å hjelpa barn/ungdom
- FØR ei eventuell tilvising til 2.linjetenester utanfor kommunen, skal dei kommunale støttetenestene som hovudregel bli involvert i ei grundigare vurdering av alle forhold som kan ha innverknad på barn/ungdom sine utfordringar.
- Barn/ungdom er, som alle oss andre, "24 timars menneske", og det som skjer på eit område i livet har effekt på andre område. Derfor er det viktig å kartleggja miljømessige faktorar som kan oppretthalda situasjonen til barn/ungdom, t.d.
- Barnehage-/skulemiljø.
- Fritid
- Heime
- BTI-rettleiar gir føringar for korleis vidare arbeid og samhandling skal skje.
08. PPT si involvering for å bidra til gode og trygge overgangar
- PPT bidreg i alle overgangsmøter:
- Mellom barnehage - barneskule
- Mellom barneskule - ungdomsskule
- Overgangsmøtene har fokus på det som blir klassen som heilskap. Kva viktige grep bør bli gjennomført med omsyn til tilpassing, organisering og gjennomføring for å gi alle barn/unge eit likeverdig og inkluderande opplæringstilbod?
09. PPT si involvering i organisasjonsutvikling
- PPT kan bidra med kompetanse inn i det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet.
- I tillegg kan PPT bidra på gruppe-/klassenivå, med kompetanse tilpassa dei utfordringane som er der. Det kan vera for ei mindre gruppe tilsette, og/eller heile kollegiet.
- PPT organiserer felles lærande møte for ressurspedagogar/spesialpedagogar på tvers av barnehagane, og på tvers av skulane. PPT har dialog med pedagogane i barnehage/skule om kva som er aktuelle tema/kva kompetanse det er behov for å læra meir om - saman.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 18.01.2022 14.04