Samhandling barnehage/skule og PPT

Målet er at alle barn og unge opplever å få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske tilbodet skal bli sett i samanheng, og det er eit mål at barn/unge skal få den hjelpa dei treng innanfor eit godt tilpassa ordinært tilbod. For nokre barn/unge vil likevel spesialpedagogisk hjelp vera naudsynt for å kunne tilpassa, organisera og gjennomføra tilbodet. PPT er barnehagen og skulen sin sakkunnige instans, og skal på ulike måtar hjelpa dei tilsette i arbeidet med å tilpassa tilbodet til alle barn/unge.

Denne rutina er del av BTI-rettleiar og er kopla opp mot denne. Den gir utfyllande informasjon til samhandlinga. Samhandlingsrutina er plassert på nivå 1 i BTI-rettleiar, men etterlevinga av den vil flyta mellom alle nivå i rettleiaren. Den fagleg baserte vurdering av kva tid det er rett å ta neste steg i rettleiaren, er det barn/unge, føresette og tilsette som best kan vurdera.