Vidare samhandling med PPT

Vidare samhandling med PPT

Om partane (barn/ungdom, føresette, pedagog/lærar, PPT og evnt. andre støttetenester) saman konkluderer med at det er behov for å be om meir utdjupande hjelp frå PPT,  så startar ein denne prosessen.

Beskriving av tilvisingsprosess til PPT:

1. Tilvising til PPT
2. Enkeltvedtak
  • Basert på råd i den sakkunnige vurdering fattar styrar/rektor enkeltvedtak om rett til-,  eller avslag om rett til,  spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
  • Styrar/rektor si vurdering baserer seg på korleis han/ho vurderer at dei kan gi barn/ungdom ei tilrettelegging gjennom tilpassing, organisering og gjennomføring av tilbodet. 
    • Ved avslag må styrar/rektor i enkeltvedtaket begrunna korleis dei vil møta barn/unge sine behov for hjelp på ein annan måte enn ved spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
  • Enkeltvedtaket er som hovudregel gjeldande for inntil eit barnehage-/skuleår.
  • For barn/unge med varig nedsett funksjonsnivå, og behov for hjelp, kan enkeltvedtaket gjelda for ein lengre periode. Aldri lengre enn dato for sakkunnig vurdering.
  • Enkeltvedtaket kan også gjelda for kortare periodar enn eit år.
  • Det er også mogleg å opphøyra enkeltvedtak, om barn/ungdom ikkje lengre har behov for eit spesialpedagogisk tilbod. 
  • NB! Det kan ikkje bli skrive enkeltvedtak utan at sakkunnig vurdering ligg føre. 
  • Spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning som t.d inneber eit alternativt tilbod kan ikkje bli gjennomført før det er fatta eit enkeltvedtak.
3. Individuell opplæringsplan (IOP)
  • Barn/unge som har fått rett til spesialpedagogisk hjelp/-opplæring, skal ha ein individuell opplæringsplan (IOP) for dei områda/fag retten omfattar.
  • Det kan ikkje bli laga ein IOP utan at enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/opplæring er utarbeidd.
  • Det kjem fram av mal for IOP kva som skal vera innhald i denne.
  • Tilbodet til barn/ungdom skal følgja innhald i IOP.
4. Barn/unge som får delvis/heilt fritak frå opplæringsplikt (skule)

Opplæringsplikta er ei sterk plikt i Noreg. Det skal mykje til før eit barn/ungdom kan bli friteke frå opplæring. Det er KUN PPT i kommunen som via ei sakkunnig vurdering kan tilrå eit heilt eller delvis fritak frå opplæringa. Rektor fattar enkeltvedtak basert på sakkunnig vurdering.

Før eit fritak blir vurdert, skal ein prøva på alle moglege måtar å tilpassa opplæringa til eleven. Eleven kan få fritak frå kompetansemål i fag, men ha kompetansemål frå den overordna delen av læreplanen. Det er PPT som gjer vurderingar av dette. Det inneber at opplæring kan gjennomførast knytt til t.d ADL-dugleikar, entreprenørskap m.m.

Opplæringa skal skje på godkjent opplæringsarena. Det er strenge krav til kva som er godkjent opplæringsarena, blant anna skal det føreliggja godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern, og det skal vera lærarar som har ansvar for opplæringa. (Om ikkje anna er gitt råd om i sakkunnig vurdering.) Sauda har ingen godkjent alternativ opplæringsarena. Ein kan likevel nytta seg av utemiljø i alternativ opplæring, og/eller lærar (ansvarleg) kan ha ulike bedriftsbesøk som ein del av den individuelle opplæringsplanen. 

Om ein elev blir fritatt frå opplæring, får ikkje eleven eit opplæringstilbod etter læreplanen. Ut frå ei barns-beste-vurdering kan skulen likevel få eit ansvar for å tilretteleggja for aktivitet for eleven.  Eleven kan seinare stille krav til å få tatt dei deler av grunnskuleopplæring han/ho blei friteken for om igjen.

Helse- og omsorgslovgivninga ligg til grunn for å vurdera om eleven kan ha rett til eit helse-aktivitetstilbod i den delen av opplæringstilbodet eleven er friteken for. Føresette, evnt. med hjelp av koordinator, må søkja tildelingskontoret om eit slikt tilbod. 

Om situasjonen endrar seg og eleven blir klar til å ta imot opplæring igjen, kan rektor opphøyra gjeldande enkeltvedtak, og fatta eit nytt som gir eleven eit opplæringstilbod.