Oppfølging - evaluering

Oppfølging - evaluering

Om eit barn/ungdom får rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, skal barn/ungdom få ei oppfølging i samsvar med sakkunnig vurdering og enkeltvedtak.

For barn og unge med varig nedsett funksjonsnivå kan det vera rett at spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er eit tilbod dei treng i alle sine år i barnehage og grunnskule. For andre barn/unge er det eit mål at spesialpedagogisk hjelp/undervisning skal ha god effekt, og kun vera eit tilbod for ein periode.

Når barnehagen/skulen har fått kompetanse (erfaring/kunnskap) til å tilpassa og organisera tiltak for barn/ungdom, må ein vurdera om desse kan flyttast til å vera innanfor eit inkluderande fellesskap. 

Evaluering av effekten av spesialpedagogisk hjelp/-undervisning skjer kontinuerleg. Det er likevel nokre faste punkt i dette arbeidet.

DESEMBER/JANUAR: Undervegsevaluering

Ei sakkunnig vurdering gjeld som hovudregel for eit år. Eit barn/ungdom sin utvikling er i stadig endring, og ein kan sjeldan beskriva dei behov barn/unge har for særskilte tiltak for lengre enn eit år. For nokre barn, med varig nedsett funksjonsnivå, kan det bli gjort unntak.

Eit enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/-undervisning kan ikkje bli fatta utan at det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Derfor er det viktig at barnehagen/skulen gjennomfører ei undervegsevaluering halvvegs i barnehage-/skuleåret, for å vurdera om ein har behov for å be om ei ny sakkunnig vurdering.

  • Undervegs i eit barnehage-/skuleåret er rekna til å vera desember/januar, i samband med halvårsvurdering i skule.
    • Barnehage/skule kallar inn til evalueringsmøte for dei barn/unge som har enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/-opplæring.
  • Undervegsevaluering spesialpedagogisk hjelp_barnehage-skule(DOCX, 24 kB)
  • Barnehagen/skulen har dokumentasjonsplikt.
JUNI - ÅRSRAPPORT