Dokumentera

Barnehagen og skulen skal dokumentera at tiltaka har redusert og/eller fjerna uro for miljøet til barn/unge.

  • I individsaker blir skriftleg aktivitetsplan i Stafettloggen brukt til dokumentasjon. Loggen skal bli avslutta når partane er samde om at utfordringane er løyst. Ved avslutning av logg skal denne overførast til arkiv. Føresette har innsyn i alt som er skrive i Stafettloggen. 
  • For saker som gjeld gruppe eller klasse, skal arkivsystem bli brukt til dokumentasjon.  Føresette skal bli informert om arbeidet og utvikling i saka. Informasjon skal bli gitt skriftleg via kommunikasjonskanalar som barnehagen/skulen brukar.