Evaluera

Evaluering av arbeid for å sikra eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal skje på to plan.

Evaluering

Evaluering av saker
  • Gjennom samarbeid og samhandling via Stafettloggen skjer ei kontinuerleg evaluering. I saker der ein finn ei god løysing, er dette tilfredsstillande evaluering.
  • I meir komplekse saker, der utfordringane har gått over lengre tid og det har vore krevjande å finne tilfredsstillande løysingar som omfattar alle partar, skal ein kalla inn til samarbeidsmøte for ei meir grundig evaluering. 
  • Ei slik evaluering skal både skje i individsaker, og for saker som gjeld gruppe/klasse.
  • Sentrale spørsmål i evalueringa er:
    • Kva skjedde?
    • Kvifor skjedde det?
    • Kva gjorde me?
    • Definerte me utfordringa som rett i utgangspunktet, eller var den eigentlege utfordringa noko anna?
    • Kva var effekten av tiltaka?
    • Korleis er situasjonen nå?
    • Kva har me lært av det me har gjort?
    • Kva er lurt å gjera i framtida?
Evaluering av plan

Råd og utval skal vera involvert i evaluering og forbetring av plan.

Planen for eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal ha ei årleg handsaming i følgjande organ:

  • Samtalar med barna/barnas medbestemmelsesmøte i barnehage og elevråd i skule.
  • Personalet (leiarar, lærarar og andre tilsette)
  • FAU (foreldra sitt arbeidsutval)
  • SMU (skulemiljøutval)
  • SU (samarbeidsutval)
  • Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule (KFU)

 

Ansvar: 

  • Styrar/rektor har ansvar for at planen blir informert om og at partane får koma med forbetringsforslag i råd og utval i barnehage og skule.
  • Kommunalsjef har ansvar for at dette skjer i kommunalt foreldreutval.
  • Leiargruppa for oppvekst handsamar dei ulike innspel og gjer endeleg vedtak om gjeldande plan. Leiargruppa for oppvekst er kommunalsjef, styrarar og rektorar.

 

Prosess:

  • Plan for medverknad viser prosess for handsaming i dei ulike råd og utval.