Ved mistanke om, eller kjennskap til, at eit eller fleire barn eller ungdom ikkje har eit trygt og godt miljø i barnehage eller skule, skal ein snarast undersøkje saka.
Ein kan få kjennskap til dette ved at:
- Barn/unge fortel, direkte eller indirekte, at dei ikkje har det bra.
- Barn/unge viser gjennom åtferd, eller andre handlingar, at dei ikkje har det bra.
- Føresette tar kontakt med uro for barn/unges miljø.
- Den tilsette har ei oppleving av, eller observerer haldningar og/eller handlingar som gir uro for det psykososiale miljøet.
- Ein får informasjon om dette på andre måtar.
Den tilsette kan skaffe seg noko meir informasjon om situasjonen, før leiar blir varsla. I dialog med leiar blir ein samd om det er behov for meir undersøkingar.
Følgjande undersøkingar kan bli gjennomført:
- Samtale med barn/unge der ein fortel om den uro ein har.
- Observasjon
- Sosiogram
- Spørjeskjema til gruppa/klassen
- Andre aktuelle metodar.
Ein kan bruke nokre av dei same metodane ein brukar i dei faste undersøkingane.
Handlingsrettleiar BTI nivå 0 kan hjelpa med spørsmål som bør avklarast.