Gripa inn

Når tilsette oppdagar uønska handlingar eller haldningar frå barn eller vaksne, har dei ei plikt til å gripa inn og stansa dette. 

  • Det kjem fram av definisjon av eit trygt og godt skulemiljø og ordensreglementet kva som er ønska handlingar og haldningar frå barn og unge.
  • Når ein oppdagar haldningar eller handlingar som avvik frå dette, har kvar tilsett ei plikt til å gripa inn.
  • Tilsette har ei forsterka plikt til å gripa inn om det er tilsette som krenkjar barn eller unge på ulikt vis.  Dette inneber også om tilsette  stoppar ei krenking med ei ny krenking. 
  • Om det framstår heilt klart som uakseptable handlingar eller haldningar, skal ein gripa inn umiddelbart. 
  • Bruk av pedagogisk analyse for å finne ut meir om det ein har uro for, kan vera nyttig. Du finn mal for dette arbeidet under tilhøyrande verktøy i BTI-rettleiar nivå 0.
  • Der ein har ei uro for det ein har sett og/eller høyrt, kan ein invitasjon til undring og refleksjon også bidra til sosial læring og utvikling for alle.

 

God og avklarande samtale

Korleis opplevde du det som skjedde?
  • Presenter korleis du opplevde det som skjedde.
  • Lytt til partane si oppleving av det som skjedde.
Kva kjensler har du rundt det som skjedde?
  • La partane presentera sine kjensler rundt det som skjedde.
  • Presenter dine kjensler rundt det du såg eller høyrde.
Framoverfokus
  • Korleis vil partane handtera eigne opplevingar og kjensler?
  • Korleis vil du handtera eigne opplevingar og kjensler?
    • Informer om plikta di til å varsla vidare, om du vurderer situasjonen slik.