Skriftleg aktivitetsplanLytt til tekstenStopp avspillingNår det skal gjerast tiltak i ei sak, skal barnehagen og skulen laga ein skriftleg aktivitetsplan. Dette er ei oppfølging av aktivitetsplikta. Som hovudregel er det pedagog/kontaktlærar som følgjer opp aktivitetsplikta (opprettar aktivitetsplan og følgjer opp arbeidet) saman med barn/unge og føresette. Utfordringane bør løysast på lågast mogleg nivå, med dei som er mest saman i det daglege. Barn/unge og føresette kan be om å få drøfta utfordringane med ein annan tilsett, om behov og ønska. Aktivitetsplikt For den eller dei som opplever eit utrygt miljø Det er den eller dei som opplever eit utrygt miljø i barnehage eller skule som skal ha ein skriftleg aktivitetsplan. Ein slik plan skal vera oppretta innan ei veke etter du kjend på/blitt kjend med uro for miljøet til eit eller fleire barn/unge. Gjeld det ei gruppe- eller klassemiljø, skal skriftleg aktivitetsplan bli oppretta i arkivsystemet til kommunen. De opprettar denne i mappe med namn "BTI-arbeid" + eininga sitt namn." Her nyttar de mal for aktivitetsplan som ligg i websak. Gjeld det eit barn eller ungdom, skal det bli oppretta ein individuell skriftleg aktivitetsplan. Sauda kommune brukar det digitale verktøyet Stafettloggen til dette. Føresette må gi samtykke til å oppretta Stafettloggen, slik at skriftleg aktivitetsplan i Stafettloggen kan bli laga. Digitalt samtykkeskjema Samtykkeskjema i papirformat Barn og ungdoms medverknad skal stå sentralt gjennom heile prosessen med å løysa utfordringane. Særskilt når det kjem til tiltak som skal setjast i verk og evaluering av effekt av desse. For den eller dei som blir skulda for å skapa eit utrygt miljø Den eller dei som blir skulda for å skapa eit utrygt miljø, skal også få hjelp og støtte. Føresette til barn/unge som utfører uønska handlingar skal tidleg bli informert. Dette gjeld både om det er enkeltbarn/ungdom, eller gruppe/klasse. Tilsette skal drøfta saka med barn/ungdom og føresette, og bli samde om tiltak. Ein skal følgja opp dialog med føresette til desse barn/ungdom heilt til saka er løyst. Det kan vera aktuelt å oppretta ein Stafettlogg som støtte til systematisk arbeid for å hjelpa barn/ungdom. Gjeld det ein "ukultur" som har utvikla seg i gruppa/klassen, eller barnehagen/skulen, er det viktig å arbeida saman om tiltak som kan endre denne kulturen. Barn/unge som blir skulda for å skapa eit utrygt miljø skal også få medverka til løysing i saka, men dei kan også få pålagt tiltak som er naudsynte for å stoppa uønska handlingar eller haldningar. Handlingsrommet kjem fram av reglane. Stafettloggen steg for steg Steg 1: Opprette Stafettlogg Når føresette og/eller ungdom har gitt samtykke til å opprette Stafettlogg, kallar ein partane inn til eit loggmøte - eit samarbeidsmøte - for å bli samde om innhald i Stafettloggen. Barn/ungdom skal vera i med i møta, så langt råd er. Bekrefting på at samtykke er gitt, blir lasta opp i Stafettloggen. Dette finner du under tilhøyrande verktøy i BTI-rettleiar. Personopplysningar om barn/ungdom og føresette blir lagt inn i loggen. Partane vurderer på kva for eit nivå saka bør løysast på, og kryssar av for dette i loggen. Løysing på lågast mogleg nivå bør vera eit førande prinsipp. Steg 2: Bli samde om kva utfordringa er Vel "ny oppmerksomhet" i Stafettloggen. Beskriv kva utfordringa er under "vi er særlige oppmerksomme på." Her må partane bli samde om formulering. Bli også samde om kva for eit utviklingsområde det skal kryssast av for. Steg 3: Sett mål Bli samde om kva som kjenneteiknar situasjonen når barn/unge har eit godt miljø i barnehage eller skule. Det kan gjerne formulerast som motsett av det som er beskrive som utfordring. Kryss av for dei partane som har drøfta og blitt samde om målsetting. Steg 4: Tiltak Bli samde om kva tiltak de vil prøva ut først. Tiltak må vera formulert slik at det er mogleg å vurdera om det har gitt effekt. Det skal leggjast inn informasjon om når tiltak skal bli gjennomført, og kven som har ansvar for gjennomføring. Det er lurt at alle partane har eit tiltak der dei skal bidra med eit eller fleire tiltak som kan løysa utfordringa. Det skal også koma fram når tiltak skal bli evaluert. Steg 5: Evaluering Det blir lagt inn "nytt møte" i Stafettloggen når partane skal møtas for å evaluera tiltaket. Det bør vera hyppige møte (vekentlig) i starten, og dei bør fortrinnsvis vera fysiske slik at ein kan snakka saman. Telefonkontakt er også mogleg. I evalueringsmøtet skal først og fremst barn/ungdom få uttala seg om dei opplever tiltaka har hatt ønska effekt. Det blir valt fargekode som gir informasjon om effekt i nedtrekkstekst i Stafettloggen. Det blir drøfta om det er behov for å halda fram med tiltak, nye tiltak, eller fleire tiltak. Ved behov for nye tiltak blir desse lagt i Stafettloggen, og nytt loggmøte avtalt og lagt inn i Stafettloggen. Det kan også hende at ein ser at utfordringa er annleis når det er jobba i saka ei tid. Då opprettar ein "ny oppmerksomhet" og beskriv mål på ny. Steg 6: Dokumentasjon I kvart loggmøte blir partane samde om kva ein skal skriva som dokumentasjon (refertat) frå møtet. Ein legg til dokumentasjon i notatfelt. (Vel "nytt notat.") Legg inn kven som var tilstade i møtet. I kvart loggmøte kan ein også ha fokus på små og større forbetringar. Dette kan ein dokumentera ved å leggja inn lysglimt. Lysglimt kan Stafetthaldar også leggja inn elles, ut frå observasjonar eller samtalar med barn/ungdom. Steg 7: Utfordring løyst? Når partane er samde om at barn/ungdom har fått eit trygt og godt miljø i barnehage/skule, skal dette dokumenterast som ei oppsummering i notatfelt. Stafettloggen skal bli avslutta og arkivert i barn/ungdoms mappe. Dette blir gjort ved å lage loggen om til pdf og laste opp skanna dokument til arkiv. Barn/ungdom og føresette får beskjed om at dei kan ta kontakt om utfordringane dukkar opp på ny. Då vil det bli oppretta ein ny Stafettlogg. Publisert avMålfrid Selvik Årthun Publisert06.02.2021 11.07