Trygt og godt barnehage- og skulemiljø

Sauda kommune har nullvisjon for mobbing i barnehage, skule og SFO.

Barnehagane og skulane skal jobba aktivt for å fremja eit godt og inkluderande miljø for alle barn og unge.

Kvart barn og ungdom som opplever å bli mobba er eit for mykje. Dei vaksne skal saman gjera alt dei kan for å hindra at dette skjer.

 Alle tilsette har ei aktivitetsplikt om dei har ei uro for barn og unge som ikkje har det bra.

SFO er del av skulen, og planen gjeld derfor også SFO.

 

Kva er mobbeåtferd og mobbing?

Mobbeåtferd og mobbing - definisjon
  • Mobbing i barnehage er ulikt frå skule, og i barnehagen ser ein først og fremst at mobbeåtferd er i oppstarten og kan stabiliserast til å bli mobbing dersom ingen er merksame og grip inn.  
  • Me vel å bruka Ingrid Lund sin definisjon av mobbing som grunnlag for vår forståing av mobbing:
    • "Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning."
  • Me ser denne saman med Roland og Sørensen Vaaland sin definisjon som seier noko om form, omfang og styrkeforhold mellom partane:
    • "Mobbing eller krenking forstår me som psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av einskildpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamnt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid." (Omset til nynorsk frå Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, DAFs program mot mobbing, 2003)
Felles forståing for kva mobbeåtferd og mobbing er
  • Skal ein løysa utfordringar saman, må ein ha ei felles forståing for kva utfordringa er.
  • Einingsleiar skal syta for at personalet i barnehagane og skulane årleg drøftar:
    • Kva er mobbeåtferd?
    • Korleis forstår de planens definisjon på mobbeåtferd og mobbing? 
    • Kva er skilnaden på erting - krenking - mobbing?
    • Korleis kan mobbeåtferd og mobbing koma til uttrykk mellom barn og unge?
    • Korleis kan mobbeåtferd og mobbing koma til uttrykk om tilsette krenkjar barn og unge?
    • Kva inneber uttrykket at ein som tilsett ikkje skal stoppa ei krenking med ei ny krenking?
      • Kva kan døme på slike krenkingar vera?​​​​​​​
    • Korleis forstår og ser dei tilsette at barn og unge er:
      • Personleg inkludert?
      • Sosialt inkludert?
      • Læringsmessig inkludert?
    • Korleis kan manglande inkludering på kvart av desse områda hindra eit trygt og godt miljø for barn og unge?

 

  • Føresette og barn/unge skal bli involvert i drøftingane.
Mobbeåtferd i barnehagen
  • Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er viktig for fellesskapen.
  • Det kan vere at barnet blir halde utanfor leiken og samtalen, eller aldri får leie eller sitje ved sida av nokon.
  • Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn, og er ikke nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet ditt gong på gong blir plaga eller erta, bør du ta opp dette med barnehagen.
Mobbing i skulen

Mobbing i skulen kan ha mange former:

  • Utestenging
  • Audmjuking
  • Baksnakking
  • Ryktespreiing
  • Fysisk angrep

Teikn på at barn eller ungdom bli mobba, kan vera:

  • Aukande fråvere frå skulen/kroppsøvingstimar
  • Klagar over vondt i magen eller hovudet.
  • Har få vener, er ofte åleine.
  • Søkjer yngre vener.
  • Verkar engsteleg
  • Er nedstemt, kan verka deprimert
  • Er prega av humørsvingingar, tek lett til tårene, kan vera aggresiv i konfliktsituasjonar
  • Vegrar seg mot å gå ut i friminutt, treg til å forlata klasserommet, søkjer kontakt med dei vaksne.
  • Kjem heim med øydelagte klede
  • Går omvegar for å sleppa å treffa einskilde personar
  • Prøvar å skjula at noko er på gong
  • Skuleprestasjonane blir dårlegare

Lista er ikkje uttømmande.