Trygt og godt miljø

Barn og unge skal både ha eit trygt og eit godt miljø i barnehage og skule.  Å ha eit godt barnehage- og skulemiljø er knytt til trivsel. Fråvær av mobbing er eit sentralt kjenneteikn på eit trygt barnehage- og skulemiljø. Sauda kommune har nullvisjon for mobbing i barnehage, skule/SFO. 

SFO er del av skule, og i den vidare del av planen er SFO inkludert i det som står om skule.

NB! I plandokumentet er det lagt inn nokre lysbilete frå presentasjon Statsforvaltaren i Rogaland hadde for kommunane i september/oktober 2021. I desse blir det vist til skule, men dei vil også vera gjeldande for barnehage og SFO.

 

Trivsel - mobbing - definisjon
  • Kjenneteikn for trivsel er at barn/unge opplever barnehagen/skulen som ein god stad å vera emosjonelt, sosialt og læringsmessig.
  • På alle desse områda treng barn/unge: 
    • Å bli sett.
    • Å bli tålt
    • Å høyra til.
  • All vanskelig atferd er følelser som ikkje lar seg regulere." (Brandtzæg, Smith & Torsteinson, 2012)
  • Mobbing mellom barn i barnehage er ulikt frå skule, og i barnehagen ser ein først og fremst at mobbeåtferd er i oppstarten. Slik åtferd kan stabiliserast til å bli mobbing dersom ingen er merksame og grip inn.  
  • Me vel å bruka Ingrid Lund sin definisjon av mobbing som grunnlag for vår forståing av mobbing:
    • "Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning."
  • Me ser denne saman med Roland og Sørensen Vaaland sin definisjon som seier noko om form, omfang og styrkeforhold mellom partane:
    • "Mobbing eller krenking forstår me som psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av einskildpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamnt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid." (Omset til nynorsk frå Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, DAFs program mot mobbing, 2003)
Felles forståing for kva trygt og godt barnehage- og skulemiljø er
  • Skal ein løysa utfordringar saman, må ein ha ei felles forståing for kva utfordringa er.
  • Einingsleiar skal syta for at personalet i barnehagane og skulane jamleg (årleg) drøftar:
    • Kva kjenneteiknar eit godt barnehage- og skulemiljø?
    • Korleis forstår de planens definisjon på trivsel, mobbeåtferd og mobbing? 
    • Kva er skilnaden mellom erting - krenking - mobbing?
    • Korleis kan mobbeåtferd og mobbing koma til uttrykk mellom barn og unge?
    • Korleis kan mobbeåtferd og mobbing koma til uttrykk om tilsette krenkjar barn og unge?
    • Kva inneber uttrykket at ein som tilsett ikkje skal stoppa ei krenking med ei ny krenking?
      • Kva kan døme på slike krenkingar vera?
  • Føresette og barn/unge skal bli involvert i drøftingane.
  • Drøfting blir dokumentert i referat frå møta.
    • Drøftingar kan gjerne basera seg på det som blei dokumentert året før.
Mobbeåtferd i barnehagen
  • Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå andre (vaksne/barn) som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til, eller er viktig for fellesskapen.
  • Det kan vere at barnet blir halde utanfor leiken og samtalen, eller aldri får leika med, og/eller sitja ved sida av nokon. Det kan vera blikk, "himling med auga", vende ryggen til m.m.
  • Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn, og er ikke nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet gong på gong blir plaga eller erta, skal dei tilsette ta tak i dette.
Mobbing i skulen

Mobbing i skulen kan ha mange former:

  • Utestenging
  • Audmjuking
  • Baksnakking
  • Ryktespreiing
  • Fysisk angrep

Teikn på at barn eller ungdom bli mobba, kan vera:

  • Aukande fråvere frå skulen/kroppsøvingstimar
  • Klagar over vondt i magen eller hovudet.
  • Har få vener, er ofte åleine.
  • Søkjer yngre vener.
  • Verkar engsteleg
  • Er nedstemt, kan verka deprimert
  • Er prega av humørsvingingar, tek lett til tårene, kan vera aggresiv i konfliktsituasjonar
  • Vegrar seg mot å gå ut i friminutt, treg til å forlata klasserommet, søkjer kontakt med dei vaksne.
  • Kjem heim med øydelagte klede
  • Går omvegar for å sleppa å treffa einskilde personar
  • Prøvar å skjula at noko er på gong
  • Skuleprestasjonane blir dårlegare

Lista er ikkje uttømmande.