Læring og vidareutvikling er føremålet med evaluering. Evaluering av arbeid for å sikra eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal skje på to plan.
Evaluering av saker
- Gjennom samarbeid og samhandling via Stafettloggen skjer ei kontinuerleg evaluering. I saker der ein finn ei god løysing, er dette tilfredsstillande evaluering.
- I meir komplekse saker, der utfordringane har gått over lengre tid og det har vore krevjande å finne tilfredsstillande løysingar som omfattar alle partar, skal ein kalla inn til samarbeidsmøte for ei meir grundig evaluering.
- Ei slik evaluering skal både skje i individsaker, og for saker som gjeld gruppe/klasse.
- Sentrale spørsmål i evalueringa er:
- Kva skjedde?
- Kvifor skjedde det?
- Kva gjorde me?
- Definerte me utfordringa som rett i utgangspunktet, eller var den eigentlege utfordringa noko anna?
- Kva var effekten av tiltaka?
- Korleis er situasjonen nå?
- Kva har me lært av det me har gjort?
- Kva er lurt å gjera i framtida?
Evaluering av plan
Planen for eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal ha ei jamleg (årleg) ha ei handsaming av følgjande grupper, råd og utval.
FRIST 15.mars, årleg.
1. Samtalar med barna/barnas medbestemmelsesmøte i barnehage og elevråd i skule.
2. Tilsette
3. FAU (skule)
4. Skulemiljøutval (skule)
5. Samarbeidsutval i kvar barnehage og skule
Vidare prosess fram mot endeleg vedtak av plan:
1. Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule
- Kommunalt foreldreutval samanstiller innspel frå alle samarbeidsutval, og gir eit samla innspel til planen.
2. Leiargruppa for oppvekst (styrarar, rektorar og kommunalsjef for oppvekst og kultur)
- Leiargruppa drøftar og vurderer innkomne innspel, og fastset plan for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Verktøy/støtte til evalueringsarbeidet:
For barn, unge og føresette: Presentasjon, drøfting og forbetringsforslag
- Barnehagar og skular kan bruka denne presentasjonen (PDF, 2 MB) i grupper/klassar og/eller i rådsorgan. (elevråd, FAU, SMU, SU)
- Redigerbar versjon ligg i Teams for hhv rektorgruppa og styrargruppa.
For personalet: Refleksjon, drøfting og kompetanseauke
- Tilsette i barnehagar og skular skal årleg drøfta korleis planen for eit trygt og godt miljø fungerer hos dei.
- I forkant av evalueringsmøte/-møter i personalet må:
- nye tilsette bli gjort kjent med planen.
- tilsette som i liten grad har tatt planen i bruk bør lesa gjennom den i forkant av møtet.
- Sentrale spørsmål:
- Fungerer planen etter intensjonen?
- Om den ikkje fungerer, er det fordi
- a) Planen blir ikkje fulgt? Evnt. kvifor er det slik?
- b) Planen treng å bli forbetra? Forbetringsinnspel blir gitt.
- Som grunnlag for felles refleksjon og kompetanseauke i arbeidet, kan ein bruka deler av kompetansepakkane for eit trygt og godt miljø i barnehagar og skular (Udir)
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43