Følgja med/undersøkja

For å  sikra alle barn og unge eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø må me ha informasjon om korleis dei har det.

  • Alle barnehagar og skular har ein plan som fordeler tilsette på ulike område når dei er samla ute.
  • Tilsette i barnehagar og skular observerer, snakkar- og følgjer med barn og unge sitt miljø som del av det daglege arbeidet.
  • Utover dette har dei tilsette ei plikt til å undersøkje ei sak nærare ved uro for miljøet til eit eller fleire barn/unge. Det kan vera haldningar eller handlingar den tilsette observerer sjølv, eller får melding om via andre. T.d frå andre barn/unge, føresette, helsesjukepleiar, PPT, barne- og familieterapeut, barnevernsteneste e.l.
  • For å ha oversikt over barnehage- og skulemiljøet, blir det også gjennomført faste, årlege undersøkingar.

 

Faste undersøkingar i barnehage

Relasjon mellom barn - vaksne:

  • To gonger årleg gjennomfører alle tilsette ei kartlegging der der vurderer eigne relasjonar til kvart barn på avdelingen dei jobbar.
  • Dette blir gjennomført i eit møte der tilsette først kvar for seg set farge på sin relasjon til kvart barn. (10-15 min) Deretter, i same møtet, går kollegiet gjennom lista og deler informasjon om kva farge dei har sett på relasjonen til kvart barn. Er det eit eller fleire barn fleire/alle tilsette har ein svak relasjon til, blir ein samde om tiltak for styrkja relasjonane til dette barnet/desse barna.
  • Sjekk verktøykassen.

 

Relasjon mellom barn - barn:

  • To gonger årleg gjennomfører kvar avdeling ei kartlegging der dei vurderer relasjonar mellom barna.
  • Til dette brukar ein sosiogram.
  • Sjekk verktøykassen.

 

Barn si meining om trivsel og utvikling i barnehagen:

  • Minst ein gong årleg får dei eldste barna tilbod om ein strukturert barnesamtale saman med ein vaksen på avdelingen.

 

Samtale med føresette:

  • To gonger årleg gjennomføres foreldresamtalar, der tilsette og føresette har dialog om barnets trivsel og utvikling. (Fleire samtalar om behov.)
  • Utover dette har tilsette dagleg dialog med føresette.
Faste undersøkingar i skule

Relasjonar mellom barn/ungdom - vaksne:

  • To gonger årleg gjennomfører alle tilsette ei kartlegging der dei vurderer eigne relasjonar til barn/ungdom i den klassen dei høyrer til. 
  • Dette blir gjennomført eks. i eit klassemøte, der tilsette først kvar for seg set farge på sin relasjon til kvart barn/ungdom. (10-15 min). (Tilsette som har tilhøyre i fleire klassar, vel seg ut ein klasse.)
  • Deretter, i same møtet, går kollegiet gjennom lista og deler informasjon om kva farge dei har sett på relasjonen til kvart barn/ungdom. Er det eit eller fleire barn/unge fleire/alle tilsette har ein svak relasjon til, blir ein samde om tiltak for styrkja relasjonane til dette/desse barn/unge.
  • Sjekk verktøykassen.

 

Relasjonar mellom barn/ungdom:

  • To gonger årleg gjennomføres det kartlegging i kvar klasse der det kjem fram kva relasjonar det er mellom elevane.
  • Til dette brukar ein sosiogram.
  • Sjekk verktøykassen.

 

Barn/ungdom si meining om læring og trivsel på skulen:

  • Ein gong årleg får elevane tilbod om ein strukturert elevsamtale der dei får snakka med ein lærar om trivsel på skulen. 
  • To gonger årleg deltek barn/ungdom i foreldresamtale, der barn/ungdom, føresette og kontaktlærar har dialog om trivsel og utvikling. (Fleire samtalar om behov.)
  • Den nasjonale elevundersøkinga gjennomføres årleg for barn/ungdom i 7. - 10.klasse.

 

Ungdom si meining om trivsel i Sauda:

  • Ungdata-undersøking gjennomføres årleg for 8. - 10.klasse i grunnskulen. 

 

Behov for meir undersøking
  • Dei funn/den informasjon ein får, kan gi eit behov for å finne ut meir for å avdekka om dette er "ei sak", eller ikkje. 
  • Det er dokumentasjonsplikt for kva som er gjort for å undersøkja ei sak. Dette er ei av delpliktene i oppfølging av uro for barnehage-/skulemiljøet.
Oppfølging av resultat
  • Gir resultata som kjem fram grunnlag for uro, har dei tilsette ei aktivitetsplikt. 
  • Utover dette skal kartleggingsresultat bli brukt til felles refleksjon i kollegiet rundt desse spørsmål:
    • Kva viser resultatet at me får til?
    • Kva viser resultatet at me kan bli betre til?
    • Kva gjer me som ser ut til å gi gode resultat?
    • Kva kan me gjera annleis/bør me slutta med, for å få betre resultat?
  • Barn/unge og føresette skal bli involvert i arbeidet med oppfølging av resultat/få gi sine innspel,  utan at det rammar personvernet til barn/unge eller tilsette.
  • Prosessen med oppfølging av resultat skal bli dokumentert.