Følgjande avklaringar ligg til grunn for arbeidet med å fremja eit godt og inkluderande barnehage- og skulemiljø.
Dette er føresetnadar for at me kan gjera eit godt arbeid.
Rolleavklaring
- Det er dei vaksne sitt ansvar at barn og unge har det bra. Føresette og tilsette må jobba saman for å lukkast i dette arbeidet.
- Alle tilsette har eit ansvar for å utvikla gode relasjonar til alle barn, unge og føresette.
- Det er barn/ungdom sjølv som skal definera om han/ho opplever seg krenkja, og/eller utsett for mobbing.
- Føresette har eit ansvar for å ta kontakt om dei er bekymra for trivselen til eige barn/ungdom.
Kommunikasjon
- Den tilsette skal vera ein vaksen som barn/unge kan ha tillit til.
- Den tilsette skal vera leiar av gruppa/klassen på ein måte som blir opplevd trygg og tillitsfremjande for barn og unge. Varme og grensetjande tilsette.
Samarbeid
- Det psykososiale miljø i barnehage og skule (avdeling/klasse) skal vera eit fast tema i foreldremøte.
- Barn og unges sosiale læring og utvikling skal vera eit tema ein har dialog om i foreldresamtale/utviklingssamtale.
- Det blir gjennomført strukturerte barnesamtalar med dei eldste barna i barnehagen, og elevsamtalar i skulen. Samtalane er dialogbaserte, og blir gjennomført årleg. Sosial læring og utvikling er eit sentralt tema.
- Overgangane mellom barnehage - barneskule, barneskule - ungdomsskule og ungdomsskule - vidaregåande skule blir opplevd som planmessige og trygge for barn og unge.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 18.12.2020 09.02