Reglar i barnehage og skule

Ordensreglement/ reglane våre kan bli sett på som spelereglar i arbeidet med å utvikla trygge og gode oppvekstmiljø. Alle må vera kjende med spelereglane, og alle partar må følgja dei same reglane.

Føremål med reglane
  • Reglane skal fremja ein autoritativ vaksenstil, dvs. tilsette som er varme og grensesetjande.
  • Reglane skal vera få og enkle, og dei skal hjelpa barn og unge til sosial læring og utvikling.
  • Reglane skal fremja eit samarbeid mellom føresette og tilsette.
  • Reglane er også informasjon til dei tilsette om kva som er deira handlingsrom for regulering av åtferd til barn og unge.
Reglar

Sauda kommune har tre overordna reglar i barnehage og skule:

1. Alle skal visa omsyn til og respekt for andre, slik at ein ikkje sårar, skadar, eller er til plage for barn, unge eller vaksne.

2. Alle skal bidra til at leik, aktivitet og undervisning kan bli gjennomført på ein god måte.

3. Alle har rett til å ha tinga sine i fred. 

Brot på reglane

Nivå 1: Ved enkeltståande regelbrot

  • Den tilsette har samtale med barn/ungdom, og sikrar at barn/ungdom forstår at deira handlingar/haldningar må stoppa.
  • Barn/ungdom får informasjon om kva som kan bli reaksjon (konsekvens) om uønska handlingar/haldningar held fram.
  • Barn/ungdom får denne informasjonen på ein ikkje-trugande måte.

 

Nivå 2: Ved gjentekne regelbrot avgjer den tilsette som er i situasjonen oppfølging

Handlingsrommet ligg i denne lista:

A. Felles for barnehage og skule:

  • Samtale med barn/ungdom, som hovudregel utanfor fellesskapet sine øyre og auge.
  • La barn/ungdom få ordna opp etter seg.
  • Barn/ungdom kan bli fråteke materiell/utstyr, eller måtte opphalda seg ein annan stad for ein tidsavgrensa periode. Ein tilsett skal ha ansvar for barn/ungdom i denne perioden.
  • Barn/ungdom kan få avgrensa rettar/inndraging av goder for ein tidsavgrensa periode. Barn/ungdom får informasjon om kva tidsavgrensinga inneber. ("Kor lenge.")

B. Gjeld kun for skule:

  • Ved plaging på skuleveg kan barn/ungdom som plagar andre måtte vera att på skulen til medelevar har kome seg trygt avgarde. Ein tilsett skal ha ansvar for barn/ungdom som ventar igjen. Det kan også bli ordna med alternativ skyss. Merk aktivitetsplikt for barn/ungdom som blir utsett for plaging. 
  • Elevar i ungdomsskulen kan få skriftleg varsel med fare for nedsett karakter i orden og/eller åtferd. Varselet skal bli gitt i så god tid at ungdommen har ein sjanse til å gjera forbetringar for å unngå nedsett karakter. I varselet skal det koma fram kva reglar i ordensreglementet som blir brote, samt konkrete råd til den unge om kva han/ho bør gjera for å unngå nedsett karakter. 
  • Elevar i ungdomsskulen kan få nedsett karakter i orden og/eller åtferd. Det må vera ulike brot på reglementet om det skal føra til nedsett karakter i både orden og åtferd. Viser til forskrift om ordensreglement.

 

Nivå 3: Ved alvorlege regelbrot

  • Barn/ungdom med føresette blir kalla inn til møte med styrar/rektor.
  • Møtet skal som hovudregel vera  seinast dagen etter regelbrot. Om styrar/rektor ikkje kan møta, skal det møta ein erstattar som har fått delegert mynde.
  • Vald mot barn og/eller vaksne, øydelegging av utstyr,  bruk av rusmidlar/tobakk er døme på hendingar som kjem under alvorlege regelbrot. Lista er ikkje uttømande. Det er barnehagen/skulen som definerer kva dei vurderer som alvorleg.
Samarbeid med føresette
  • Ved gjentekne og alvorlege regelbrot skal føresette bli kontakta.
  • Ved uro for barn og unge si sosiale læring og utvikling skal handlingsrettleiar for BTI brukast.
  • Føresette og pedagog/kontaktlærar blir samde om korleis informasjonsflyt og samhandling skal skje.
    • Ein bør unngå daglege/hyppige skriftlege meldingar om uønska hendingar, utan at det er dialog mellom barn/ungdom, føresette og pedagog/kontaktlærar. 
    • Å avtala faste, tidsavgrensa samarbeidsmøte, der barn/ungdom, føresette og pedagog/kontaktlærar møtes for å ha dialog om det som skjer, er vurdert som beste praksis. 
    • Alle partar, barn, unge og føresette, må bidra med tiltak for å finne ei god løysing.
Opplæring
  • Ved oppstart av barnehage- og skuleåret skal pedagog/kontaktlærar gå gjennom reglane saman med barn og unge.
  • Dei skal også bli kjend med kva som skjer ved regelbrot.

 

Dokumentasjon
  • Tilsette i barnehagar og skular vurderer om det er grunnlag for å dokumentera gjentakande regelbrot.
  • Enkeltståande regelbrot skal ikkje bli dokumentert.
  • For skule:
    • I Visma Flyt Skole kan tilsette notera uønska hendingar under fana "anmerkningar." Anmerkningar er kun til notat for intern bruk, og blir merka "skjul frå heimeweb."
    • I klassemøter har kontaktlærar ansvar for at desse notater blir gått gjennom. Dei tilsette samanstiller informasjonsgrunnlaget for å vurdera evnt. mønster i hendingar. 
      • Ein kan bruka spørsmål i BTI-rettleiar nivå 0, trinn 1 for å analysera funn og setja i gang tiltak.
      • Ved uro tar kontaktlærar kontakt med føresette, slik at ein kan jobba saman for å hjelpa eleven til meistring.
    • Notatene skal bli sletta når det ikkje er behov for dei lengre/når ein har fulgt opp evnt. uro. (GDPR/personvern)

 

 

Evaluering og revidering

Ordensreglementet skal ha ei årlig handsaming av følgjande grupper, råd og utval. 

1. Samtale med barn i barnehage/medbestemmelsemøte - elevråd i skulane.

2. Tilsette

3. FAU (skule) 

4. Skulemiljøutval (skule)

5. Samarbeidsutval i kvar barnehage og skule.

 

Vidare prosess fram til endeleg vedtak:

1. Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule:

  • Kommunalt foreldreutval samanstiller innspel frå alle samarbeidsutval, og gir eit samla innspel til ordensreglementet.

2.  Leiargruppa for oppvekst: (styrarar, rektorar og kommunalsjef for oppvekst og kultur.)

  • Leiargruppa drøftar og vurderer innkomne innspel, og fastset ordensreglementet.
Revisjon forskrift om ordensreglement for grunnskulen Sauda kommune
  • Første versjon vedteke i leiargruppa 17.09.21.