Trivselsfremjande tiltak

Barnehagane og skulane skal jobba aktivt for å fremja eit trygt og godt miljø for alle.  Dette er noko det blir jobba med kvar dag. 

Det er nokre felles tiltak for alle barnehagar og skular. Desse er blant anna:

  • Alle barnehagane og skulane i Sauda har flotte naturperler nær seg som dei brukar til fysisk aktivitet, leik og læring - heile året. 
  • I tillegg til dei daglege tiltak, har alle barnehagar og skular nokre årlege aktivitetar og arrangement som har til føremål å skapa samhald, trivsel og inkludering for alle. 
  • Me har felles planar og eit godt samarbeid om aktivitetar som skal sikra trygge og gode overgangar for barn og unge. 
    • Overgang heim - barnehage
    • Overgang barnehage - barneskule
    • Overgang barneskule - ungdomsskule
    • Overgang ungdomsskule - vidaregåande skule
  • Alle som startar i 1.klasse får ein fadder frå eldre klassetrinn som tar seg ekstra godt av dei.
  • Alle elevar i 7.klasse reiser på leirskule saman. Slik kan dei bli kjend før dei skal i nye klassar på ungdomsskulen.
  • Det blir lagt vekt på å byggja eit sterkt foreldrefellesskap i barnehage og skule.

 

Tips til arbeid med gruppe-/klassemiljø: