Når tilsette oppdagar uønska handlingar/haldningar frå barn/unge/vaksne, har dei ei PLIKT til å gripa inn og stansa dette.
- Det kjem fram av definisjon av eit trygt og godt skulemiljø og ordensreglementet kva som er ønska handlingar og haldningar.
- Når ein oppdagar haldningar/handlingar som avvik frå dette, har kvar tilsett ei plikt til å gripa inn.
- Tilsette har ei forsterka plikt til å gripa inn om det er tilsette som krenkjar barn eller unge. Dette inneber også om tilsette stoppar ei krenking med ei ny krenking. Det kan vera lurt å be om ein samtale utanfor andre sine øyre og auge.
- Om det framstår heilt klart som uakseptable handlingar/haldningar, skal ein gripa inn umiddelbart.
- Kritisk refleksjon kan fremja læring. (Undrande tilnærming. "Eg høyrde du sa... eg lurar på.. eg undrar meg over.....")
- Kritikk fremjar ofte motstand. (Bastant tilnærming. "Du sa... det er.....)
Korleis opplevde du det som skjedde?
- Presenter korleis du opplevde det som skjedde.
- Lytt til partane si oppleving av det som skjedde.
Kva kjensler har du rundt det som skjedde?
- La partane presentera sine kjensler rundt det som skjedde.
- Presenter dine kjensler rundt det du såg eller høyrde.
Framoverfokus
- Korleis vil partane handtera eigne opplevingar og kjensler?
- Korleis vil du handtera eigne opplevingar og kjensler?
- Informer om plikta di til å varsla vidare, om du vurderer situasjonen slik.
NY REV 22 Dokumentasjon av korleis de har gripe inn
I ei sak skal barnehagen/skulen kunne dokumentere korleis dei har gripe inn ved krenkande handlingar overfor barn/ungdom.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43