Skriftleg aktivitetsplan

Når det skal gjerast tiltak i ei sak, skal barnehagen og skulen laga ein skriftleg aktivitetsplan. Dette er ei oppfølging av aktivitetsplikta.

  • Det er barn/ungdom som opplever eit utrygt miljø som skal ha ein aktivitetsplan. 
  • Ein aktivitetsplan skal vera oppretta innan ei veke etter du har fått informasjon om uro for miljøet til barn/unge.
    • For individsaker blir Stafettloggen nytta som verktøy. 
    • For gruppe/klasse - barnehage/skule blir det oppretta aktivitetsplan i Websak. 
  • Som hovudregel er det pedagog/kontaktlærar som følgjer opp aktivitetsplikta (opprettar aktivitetsplan og følgjer opp arbeidet), saman med barn/unge og føresette. Utfordringane bør løysast på lågast mogleg nivå, med dei som er mest saman i det daglege.
  • Barn/unge og føresette kan be om å få drøfta utfordringane med ein annan tilsett, om behov og ønska. 
  • Barn/unge sin medverknad skal stå sentralt i heile prosessen med å løysa utfordringane. Særskilt når det kjem til kva tiltak som skal bli prøvd ut, og evaluering av desse.
  • Føresette skal bli involvert og informert, både i individsaker og i gruppe/klasse - barnehage/skulesaker.

 

Steg 1: Opprette Stafettlogg
  • Når føresette og/eller ungdom har gitt samtykke til å opprette Stafettlogg, kallar ein partane inn til eit loggmøte - eit samarbeidsmøte - for å bli samde om innhald i Stafettloggen. Du finn all informasjon om samtykke i BTI-rettleiaren.
  • Barn/ungdom skal vera i med i møta, så langt råd er.
  • Bekrefting på at samtykke er gitt, blir lasta opp i Stafettloggen. Dette finner du under tilhøyrande verktøy i BTI-rettleiar.
  • Personopplysningar om barn/ungdom og føresette blir lagt inn i loggen.
  • Partane vurderer på kva for eit nivå saka bør løysast på, og kryssar av for dette i loggen. Løysing på lågast mogleg nivå bør vera eit førande prinsipp.
Steg 2: Bli samde om kva utfordringa er
  • Vel "ny oppmerksomhet" i Stafettloggen. 
  • Beskriv kva utfordringa er under "vi er særlige oppmerksomme på." Her må partane bli samde om formulering.
  • Bli også samde om kva for eit utviklingsområde det skal kryssast av for. 
Steg 3: Sett mål
  • Bli samde om kva som kjenneteiknar situasjonen når barn/unge har eit godt miljø i barnehage eller skule.
  • Det kan gjerne formulerast som motsett av det som er beskrive som utfordring.
  • Kryss av for dei partane som har drøfta og blitt samde om målsetting.
Steg 4: Tiltak
  • Bli samde om kva tiltak de vil prøva ut først.
  • Tiltak må vera formulert slik at det er mogleg å vurdera om det har gitt effekt.
  • Det skal leggjast inn informasjon om når tiltak skal bli gjennomført, og kven som har ansvar for gjennomføring.
    • Det er lurt at alle partane har eit tiltak der dei skal bidra medfor å løysa utfordringa. Barn/unge, føresette og barnehage/skule.
  • Det skal også koma fram når tiltak skal bli evaluert. 
Steg 5: Evaluering
  • Det blir lagt inn "nytt møte" i Stafettloggen for når partane skal møtast for å evaluera tiltaket.
  • Det bør vera hyppige møte (vekentlig) i starten, og dei bør fortrinnsvis vera fysiske slik at ein kan snakka saman. Telefonkontakt er også mogleg.
  • I evalueringsmøtet skal først og fremst barn/ungdom få uttala seg om dei opplever tiltaka har hatt ønska effekt.
  • Det blir valt fargekode som gir informasjon om effekt i nedtrekkstekst i Stafettloggen. 
  • Det blir drøfta om det er behov for å halda fram med tiltak, nye tiltak, eller fleire tiltak.
  • Ved behov for nye tiltak blir desse lagt i Stafettloggen, og nytt loggmøte avtalt og lagt inn i Stafettloggen. 
  • Det kan også hende at ein ser at utfordringa er annleis når det er jobba i saka ei tid. Då opprettar ein "ny oppmerksomhet" og beskriv mål på ny.
Steg 6: Dokumentasjon
  • I kvart loggmøte blir partane samde om kva ein skal skriva som dokumentasjon (refertat) frå møtet. Ein legg til dokumentasjon i notatfelt. (Vel "nytt notat.")
  • Legg inn kven som var tilstade i møtet. 
  • I kvart loggmøte kan ein også ha fokus på små og større forbetringar. Dette kan ein dokumentera ved å leggja inn lysglimt. Lysglimt kan Stafetthaldar også leggja inn elles, ut frå observasjonar eller samtalar med barn/ungdom.
Steg 7: Utfordring løyst?
  • Når partane er samde om at barn/ungdom har fått eit trygt og godt miljø i barnehage/skule, skal dette dokumenterast som ei oppsummering i notatfelt.
  • Stafettloggen skal bli avslutta og arkivert i barn/ungdom si mappe. Dette blir gjort ved å lage loggen om til pdf, skrive ut og skanna dokument direkte til arkiv. Papirversjon blir makulert.
  • Barn/ungdom og føresette får beskjed om at dei kan ta kontakt om utfordringane dukkar opp på ny. Då vil det bli oppretta ein ny Stafettlogg.