Tiltak skal først og fremst føre til at uønska handlingar og haldningar blir stoppa. Tiltaka skal også styrkja kjensla av å bli sett, tålt og høyra til i fellesskap med andre.
- Tiltak for barn/unge som ikkje har eit trygt og godt miljø, blir dokumentert og evaluert i det digitale verktøyet Stafettloggen.
- Reglementet styrer kva tiltak den tilsette kan bruka til å stoppa uønska handlingar og haldningar.
- Handlingsrettleiar for BTI skal brukast ved uro for barn og unge si sosiale læring og utvikling.
- Dokumentasjon: De skal kunne dokumentere kva tiltak som er sett inn for å gi barn/unge eit trygt og godt miljø, og korleis de har kome fram til dei aktuelle tiltak.
Tiltak ved skjerpa aktivitetsplikt (NY rev 2022)
- Tiltak ved skjerpa aktivitetsplikt blir handsama som ei personalsak. Det er eit forhold mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.
- Om undersøkingar konkluderer med krenkjane åtferd mellom tilsette og barn/unge, kan aktuelle tiltak vera:
- Meir/betre opplæring, tilrettelegging eller tydeleggjering av handlingsrommet den tilsette har.
- Omplassering eller endring av arbeidsoppgåver.
- Avtale om endring av åtferd, og korleis ein slik avtale skal bli fulgt opp.
- Disiplinærreaksjonar i form av åtvaring (munnleg/skriftleg), oppseiing eller avskjed.
- Meir informasjon om prosess finn du på arbeidstilsynet sine sider.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43