Usemje mellom partane

I nokre saker kan det vera vanskeleg å finne gode løysingar saman, fordi ein ser saka ulikt. Ved behov for hjelp og støtte kan barn/ungdom, føresette eller tilsette søkja hjelp frå andre partar.

Heimeside Sauda kommune:

På heimesidene til barnehage og skule kan føresette finne informasjon om korleis dei skal gå fram om dei har uro for miljøet til barn/unge. Tilsette kan gjerne vise føresette til desse sidene/gi informasjon om desse i foreldremøte.

Informasjon barnehage

Informasjon skule

 

Mobbeombod:

 

Barnehage:

  • Rådgjevarar hos Statsforvaltaren kan gi råd og rettleiing av meir generell karakter.
  • Partane kan ta kontakt med kommunalsjef og be om ei vurdering av saka.

 

    Skule:

    • Rådgjevarar hos Statsforvaltaren kan gi råd og rettleiing av meir generell karakter.
    • Partane kan ta kontakt med kommunalsjef og be om ei vurdering av saka.
    • Barn, unge og føresette i skule kan også melda frå om mobbing til Statsforvaltaren.
    • Føresette må ha vore i kontakt med skulen, før dei kan melda frå til Statsforvaltaren. (Prøvd å løysa saka på lågast mogleg nivå.)