Varsla

Alle tilsette har ei varslingsplikt ved mistanke om at barn/unge blir utsett for krenkjande ord og/eller handlingar frå andre barn/unge/vaksne. Det er ei skjerpa varslingsplikt om det er tilsette som krenkjar barn/unge.

  • Du har same varslingsplikt om det er du som oppdagar dette, eller andre fortel dette til deg.
  • Munnleg varsel er nok.
  • Opplever den tilsette at det ein har varsla om ikkje blir fulgt opp/gjort noko med, kan ein senda eit skriftleg varsel. 
  • I det skriftlege varselet må det koma tydeleg fram kva ein har ei uro for. Bruk gjerne spørsmål i BTI-rettleiar nivå 0 til å konkretisere uro.

 

Varsla styrar/rektor
  • Leiar skal bli varsla i saker der det er uro for korleis barn eller ungdom har det i kvardagen. 
  • Den tilsette skal varsla leiar så snart råd er. Den tilsette kan gjerne ha gjort nokre undersøkingar slik at saka er godt belyst når ho blir lagt fram. (BTI-rettleiar nivå 0.)
  • Har du fått ei vidarevarsling, t.d frå andre barn/unge, føresette, helsesjukepleiar, PPT eller andre støttetenester, skal ta kontakt med leiar.
  • Gjeld uro du har handlingar eller haldningar leiar har vist, skal du varsla kommunalsjef.
  • Kva som er best for barn/unge skal vera eit grunnleggjande omsyn i det vidare arbeid.
Varsla føresette
  • Den tilsette skal varsla føresette, etter å ha snakka med leiar.
  • NB! Tilpassa alder skal barn/unge som hovudregel vera informert før du tar kontakt heim.
  • Føresette til både den som opplever eit utrygt miljø, og den/dei som skapar dette, bli kontakta.
  • Føresette skal bli involvert i det vidare arbeid.
  • Om det er ei sak der det er klart at barnehagen/skulen har ei aktivitetsplikt,  ber du føresette til den/dei som opplever eit utrygt miljø om samtykke til å starta tiltak.  Føresette nyttar digitalt skjema for samtykke.
  • Gjeld uro eit miljø i gruppe eller klasse, skal føresette i gruppa/klassen få skriftleg informasjon om situasjonen. Informasjonen skal bli gitt på ein måte som varetek personvern. 
Varsla overordna nivå
  • Leiar skal varsla kommunalsjef i alvorlege saker.
  • Leiar skal også varsla kommunalsjef om det er relasjonar som gjer leiar inhabil i saka.
  • Kommunalsjef skal varsla rådmann om det er relasjonar som gjer kommunalsjef inhabil i saka.
  • Leiar skal vidarevarsla kommunalsjef ved varsel om tilsette som krenkjar barn/unge.