Dokumentasjon av opplæringa

Eleven har rett til dokumentasjon av opplæringa. 

Dokumentasjon i Visma Flyt Skole

Dokumentasjon, barneskule

Dokumentasjon og informasjon, barneskule

Frå foreldresamtale

Desse tekstboksane fyller de ut som del av foreldresamtalen. Dette blir gjort haust og vår.

Dokumentasjon foreldresamtale, barneskule
Oppmøte til føresettsamtale Føresettes tilbakemelding Avtale om framoverfokus
Dato for samtale og kven som deltok i samtalen. (Barn, føresett, tilsett) Innspel/tankar føresette har om barnets utvikling og læring, personleg, sosial og fagleg. Har ikkje føresette innspel dei ønskjer skal bli dokumentert skriv ein føresette har ingen kommentar. Det barn, føresette og tilsette blir samde om bør har fokus for vidare utvikling og læring framover. Alle partar bidreg med innsats på dette området.

 

Frå elevsamtale

Denne tekstboksen fyller de ut i samtalen med eleven. Minstekravet er ein gong årleg.

Dokumentasjon elevsamtale
Elevens eigenvurdering, fagleg og sosialt
Her skriv de inn eleven si tilbakemelding. Korleis har han/ho det sosialt, og korleis opplever han/ho arbeid med fag. Teksten blir skrive som del av elevsamtalen, eleven er med og formulerer det som skal bli dokumentert.

 

Lærars vurdering av personleg, sosial og fagleg utvikling
  • Ein gong årleg dokumenterer lærarane si vurdering av elevens utvikling på ulike område.
  • Dette blir gjort i mai/juni årleg, med frist 10.juni.
  • Om lærar vurderer det som eit behov, kan det bli dokumentert også for haust.
  • Språket i dokumentasjonen skal vera sakleg og objektivt, eit meistringsorientert språk. ("Grønt språk."). Unngå bastant ordbruk. Det er basert på lærarane sine vurderingar, noko som må koma fram av språket. "Det kan sjå ut som", framfor "det er."
  • Den skriftlege dokumentasjon skal bli gjennomført av lærarane i fellesskap. Kontaktlærar har ansvar for at det blir gjort, men det skal vera eit profesjonsfagleg fellesskap - klasseteamet - som saman vurderer kva som blir skrive. 
    • Rektor må setja av samarbeidstid for å gjennomføra dette.
  • Etter 10.juni blir innhald overført til elevarkiv av sekretærane
  • Kontaktlærar har ansvar for å informera føresette om dei kan inn i Visma Flyt Skole for å lesa det som er dokumentert.
Lærarar si dokumentasjon av opplæringa
Område som blir dokumentert Innhald dokumentasjon
Orden Korleis er elevens meistring når det gjeld å følgja ordensreglane, visa god arbeidsinnsats og koma førebudd og presis til timane.
Åtferd Korleis er elevens meistring når det gjeld åtferd mot medelevar og vaksne, ut frå det som er forventa i ordensreglementet.
Fråvære Elevens fråvære siste år dagar/timar. Kommentar om ein ser eit mønster i fråvære, t.d. særskilde dagar, timar e.l. Kommentar også om ein har ei uro for fråværet, og at ein vil ha dialog med barn/føresette om dette. (Jmfr. handlingsrettleiar BTI.)
Sosial læring og utvikling Elevens sosiale meistring jmfr. prinsipp for sosial læring og utvikling i LK20. (Utover det som kjem fram under orden og åtferd.)
Å lesa, norsk og engelsk Elevens meistring i lesing, engelsk og norsk. Her blir også aktuelle resultat frå kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar m.m, med kommentar til resultat.
Å skriva, norsk og engelsk Elevens meistring i å skriva, norsk og engelsk. Her blir også aktuelle kartleggingsresulat lagt inn, med kommentar til resultatet.
Å rekna Elevens meistring i rekning. Her blir også aktuelle kartleggingsresultat lagt inn, med kommentar til resultatet.
Å uttrykkje seg munnleg, norsk og engelsk Elevens meistring i munnleg, norsk og engelsk.
Informasjon om dokumentasjon til elev og føresette

Informasjon til eleven om det som blir dokumentert:

  • Kontaktlærar har ansvar for å informera elevane om korleis dokumentasjon blir gjennomført.
  • Eleven får informasjon om det som blir dokumentert som del av munnleg undervegsvurdering i den ordinære opplæringa. Kontaktlærar har ansvar for å sikra at denne blir gitt. 

Informasjon til føresette om det som blir dokumentert:

  • Skulen gir skriftleg melding til føresette når dokumentasjon er lagt inn, og informerer dei om korleis dei kan lesa denne.
  • Det er naturleg at det som er dokumentert blir del av foreldresamtalen til hausten. Korleis er progresjonen? Har føresette innvendingar/eit anna perspektiv enn lærarane på det som er skrive kan det blir notert i tekstboksen "føresettes tilbakemelding."
Døme på skriftleg dokumentasjon, barneskule
Oppsett av vurdering i Visma Flyt Skole, barneskulen
Oppsett av vurdering i Visma Flyt Skole, barneskulen
Område: Dokumentasjon:
Orden Per viser god orden.
Oppførsel Per viser god åtferd.
Fråvære Per har 7 dagar fråvære siste skuleår. 5 av dei 7 dagane er på måndagar. Ser me tilbake førre skuleår var det eit tilsvarande fråvære, med flest måndagar. Er det noko som er vanskeleg med måndagen på skulen?
Elevens eigenvurdering - elevsamtale Dato elevsamtale: 02.02.22. Per seier han har det bra på skulen og trivst med klassen. Han seier det kan vera kjedeleg i timane, han blir så trøytt. Han seier han har gode vener i klassen. Av og til synes han friminutta er kjedelege, når venene berre vil spela fotball. Faglærar Nille Nilsen gjennomførte samtalen med han.
Oppmøte til føresettsamtale: Tid: 24.03.20, klokka 17-17.30. Per, far Per og kontaktlærar Lise Lisesen deltok..
Avtale om framoverfokus: Per vil øva meir på lesing framover. Lærar skal gi han tilpassa leselekser. Føresette skal høyra han i høgtlesing kvar dag. Mobiltelefonen skal liggja på kjøkkenet når Per legg seg.
Føresettes tilbakemelding: Per seier han trivst på skulen. Han synes lesing er litt vanskeleg. Han er trøytt om morgonen, spesielt måndagar. Han speler spel på mobilen etter leggetid, sjølv om føresette seier han ikkje får lov.
Sosial læring og utvikling: Per samarbeidar framleis godt med andre i fag, han lyttar til andre og argumenterer for eige syn. Per følgjer reglane me har på skulen. Han har hatt ei fin utvikling når det gjeld å ta initiativ til leik med andre.
Å lesa, norsk og engelsk Per les med tydeleg uttale. Han brukar nå i større grad bileta rundt teksten som støtte til å forstå innhaldet. Han greier å reflektera over enkle og konkrete tekstar. Kartleggingsprøva i norsk viser at det kan sjå ut til at han har behov for noko meir oppfølging i lesing. Føresette har gitt samtykke til tiltak, og Stafettloggen blir brukt til å dokumentera tiltak.
Å skriva, norsk og engelsk Per er flink til å setja ord på eigne tankar, og han skriv slik at han gjer seg forstått i både norsk og engelsk. Han treng framleis å øva meir på bruk av stor bokstav og punktum i setningar.
Å uttrykkja seg munnleg, norsk og engelsk Per har hatt ei fin utvikling når det gjeld å setja ord på eigne tankar. Han er flink til å lytta til andre, og til å gi andre taletid. Han deltek nå meir aktivt i klassediskusjonar. Det kan sjå ut til at han av og til blandar eigne meiningar og fakta. Per ser ut til å vegra seg noko meir for å snakka engelsk høgt med andre.
Å rekna: Per meistrar dei fire rekneartane og vel stadig meir effektive strategiar når han skal rekna ut. Han har hatt ei fin utvikling når det gjeld å forklara korleis han tenker for å koma fram til svaret.

 

 

Dokumentasjon, ungdomsskule

Ungdomsskulen dokumenterer opplæringa i alle fag + orden/åtferd to gonger årleg, i samband med halvårsvurdering.