Dokumentasjon av opplæringa

Eleven har rett til dokumentasjon av opplæringa. 

Dokumentasjon i Visma Flyt Skole

Dokumentasjon, barneskule

Dokumentasjon og informasjon, barneskule

Frå foreldresamtale
  • Tekstboks "Oppmøte til samtale":
    • Tid for foreldresamtale og kven som deltok. 
  • Tekstboks "Avtale om framoverfokus":
    • Kva område elev, føresette og kontaktlærar blir samde om som fokusområde framover.  
  • Tekstboks "Føresettes tilbakemelding":
    • Innspel/tankar føresette ønskjer dokumentert om elevens utvikling og læring, personleg, sosialt og/eller fagleg.
    • Har ikkje føresette innspel, skrives "føresette har ingen kommentar."

 

Frå elevsamtale
  • Tekstboks "Elevens eigenvurdering":
    • Elevens tankar om eiga utvikling, personleg, sosial og fagleg.
    • Dette blir lagt inn som del av gjennomføring av elevsamtale.
Lærars vurdering av sosial og fagleg utvikling
  • Tekstboksar for dei grunnleggjande dugleikane lesing, skriving, rekning og munnleg + sosial læring og utvikling.
  • Eventuelle kartleggings-/prøveresultat legges til i aktuelle tekstboksar.
  • For barneskulen blir dette lagt inn i juni, ved avslutning av skuleåret.
  • Frist 10.juni, årleg.
  • Ansvar: Kontaktlærar, i samarbeid med lærarar i klassen.
Informasjon om dokumentasjon til elev og føresette

Informasjon til eleven om det som blir dokumentert:

  • Kontaktlærar har ansvar for å informera elevane om korleis dokumentasjon blir gjennomført.
  • Eleven får informasjon om det som blir dokumentert som del av munnleg undervegsvurdering i den ordinære opplæringa. Kontaktlærar har ansvar for å sikra at denne blir gitt. 

Informasjon til føresette om det som blir dokumentert:

  • Skulen gir skriftleg melding til føresette når dokumentasjon er lagt inn, og informerer dei om korleis dei kan lesa denne.
Døme på skriftleg dokumentasjon, barneskule
Oppsett av vurdering i Visma Flyt Skole, barneskulen
Oppsett av vurdering i Visma Flyt Skole, barneskulen
Område: Dokumentasjon:
Oppmøte til samtale: Tid: 24.03.20, klokka 17-17.30. Far og Per deltok.
Avtale om framoverfokus: Per vil øva meir på lesing framover. Lærar skal gi han tilpassa leselekser. Føresette skal høyra han i høgtlesing kvar dag.
Føresettes tilbakemelding: Per seier han trivst på skulen. Han synes lesing er litt vanskeleg.
Elevens eigenvurdering Tid for elevsamtale: 02.02.20. Per seier han har det bra på skulen og trivst med klassen. Han seier han har gode vener i klassen. Av og til synes han friminutta er kjedelege, når venene berre vil spela fotball. Kontaktlærar Nille gjennomførte samtalen med han.
Sosial læring og utvikling: Per samarbeidar framleis godt med andre i fag, han er flink å lytte og argumentere for eige syn. Per følgjer reglane me har på skulen. Han har hatt ei fin utvikling når det gjeld å ta initiativ til leik med andre.
Å lesa: Per les med tydeleg uttale. Han brukar nå i større grad bileta rundt teksten som støtte til å forstå innhaldet. Han greier å reflektera over enkle og konkrete tekstar. Kartleggingsprøva i norsk viser at han har behov for noko meir oppfølging i lesing. Føresette har gitt samtykke til tiltak, og Stafettloggen blir brukt til å dokumentera tiltak.
Å skriva: Per er flink til å setja ord på eigne tankar, og han skriv slik at han gjer seg forstått. Han treng framleis å øva meir på bruk av stor bokstav og punktum i setningar.
Å uttrykkja seg munnleg: Per har hatt ei fin utvikling når det gjeld å setja ord på eigne tankar. Han er flink til å lytta til andre, og til å gi andre taletid. Han deltek nå meir aktivt i klassediskusjonar. Han kan streva noko med å skilje eigne meiningar frå fakta.
Å rekna: Per meistrar dei fire rekneartane og vel stadig meir effektive strategiar når han skal rekna ut. Han har hatt ei fin utvikling når det gjeld å forklara korleis han tenker for å koma fram til svaret.

 

 

Dokumentasjon, ungdomsskule