Sauda Vaksenopplæring

Sauda Vaksenopplæring

Sauda Vaksenopplæring er organisert under Sauda Ungdomsskule. Vaksenopplæringa føl skuleruta, og har undervisning på Sauda Vidaregåande Skule og Sauda Ungdomsskule.

Vaksenopplæringa tilbyr

  • Norskopplæring med samfunnskunnskap for framandspråklege.
  • Grunnskuleopplæring for vaksne.
  • Arbeidslivskurs for Introduksjonsdeltakerar.
  • Språkpraksis for Introduksjonsdeltakerar.
     

Norskopplæring med samfunnskunnskap for framandspråklege


Sauda Kommune tilbyr vaksne innvandrerar norskopplæring som set dei i stand til å bruka eller bygga vidare på sin eigen kompetanse i utdanning, i arbeid og i samfunnslivet for øvrig. Målet med den grunnleggjande opplæringa er å få deltakerane opp på det nivået i norskferdigheiter som føl måla i Opplæringsplanen i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrerar, og som blir måla gjennom Språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne.

Tenesta er for innvandrerar over 16 år som har status som flyktningar, har opphaldsløyve eller er innvandrarar til Noreg.

For dei gruppene som ikkje har rett til gratis opplæring, er det knytta kostnadar til opplæringa i samsvar til fastsette prisar.

Undervisninga er på dagtid.  Elevar blir organisert i grupper ut frå norsknivå og tidlegare skulegang. Kvar gruppe arbeidar mot språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne og Samfunnskunnskapsprøven.  Sauda Vaksenopplæring gjennomfører godkjente norskprøvar på nivå A1 til B2, to gonger i året i Sauda.  I tillegg kan ein ta samfunnskunnskapsprøven og den nye statsborgarprøven her.

1. prøveperiode i Sauda 2018 er: 22. mai til 1. juni, oppmelding til denne prøven er innan 27.april.  

2.prøveperiode i Sauda 2018 er:  26. november til 6. desember,  oppmelding til denne prøven er open frå 29. oktober til  02. november.

Oppmelding til samfunnskunnskapsprøven eller statsborgarprøven 

Prøvebevis for norskprøve blir sendt i posten og karakterutskrift på e-post.

For meir informasjon sjå 
Sjå Kompetanse Norge si nettside eller ta kontakt på tlf 971 51 982 for meir informasjon.
 

Lars Terje Sandvik
Rektor
E-post
Mobil 41 61 95 46
Wendy Pettersen
Lærer
E-post
Mobil 92 45 88 83

Adresse

Rådhusgata 49, 4200 Sauda

Kart