Leve heile livet

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistra livet lenger og ha trygghet for at dei får god hjelp når dei har behov for det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handla om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Leve heile livet er ein kvalitetsreform for eldre. Det handlar om å skapa eit meir aldersvennleg samfunn der eldre kan leva gode liv og delta i fellesskapet. Målgruppa for reforma er alle eldre over 65 år, både dei som bur heime og dei som bur på institusjon. 
Målet med reforma skal vera fleire gode leveår der den aldrande befolkninga beheld god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.


Reforma har fem innsatsområder:

  1. Eit aldersvennleg Norge
  2. Aktivitet og fellesskap
  3. Mat og måltider
  4. Helsehjelp
  5. Samanheng og overgang i tenestane

Det vil etter kvart komma meir informasjon om arbeidet med reforma i Sauda.
 

Her finnes informasjon som hovedsakelig vil være av relevans for aktører involvert i gjennomføringen av Leve hele livet. Leve hele livet (Helsedirektoratet) 

Ståle Lunde
Leiar av reforma i Sauda
E-post
Aslaug Tangeraas
Folkehelsekoordinator / rådgjevar
E-post
Telefon 52 78 62 05
Mobil 936 10 950