Kommunale retningslinjer motorferdsel i utmark

Kommunale retningslinjer motorferdsel i utmark

  1. I medhald av nasjonal forskrift §§ 5 og 6 kan kommunen etter skriftleg søknad gje løyve til bruk av motorkøyretøy i utmark. Med heimel i same forskrift §3 andre ledd og § 7 kan kommunen setja vilkår for motorferdsla.
  2. Følgjande vilkår for køyring etter §3, bokstavane b – g, (gjeld ikkje bokstavane d og g)§§ 5 (ikkje bokstav e) og 6 i nasjonal forskrift gjeld:


a. Køyring skal gjennomførast på den/dei datoar eller i det tidsrom som er gitt i løyvet. Dette gjeld alle køyreformer som krev skriftleg søknad.

b. Køyringa skal mest mogleg følgja andre scooterspor og nytta kortast mogleg strekning frå brøyta bilveg.

c. Køyring er ikkje tillate 1. juledag og Langfredag. Forbodet gjeld all køyring, unnateke tråkking av skiløyper og drift av turistanlegg.

d. Dispensasjon gitt i medhald av nasjonal forskrift §5 pkt a - transportløyve) kan/er gis/gitt med utgangspunkt i brøyta bilveg i følgjande område:

  • Svandalen 1 løyve
  • Nordstøldalen 1 løyve
  • Skarsli/Tengdal 1 løyve
  • Bakkadalen/Åbødalen 2 løyve
  • Austerheimsdalen/Hedalen/Fiveland 2 løyve
  • Slettedalen 2 løyve
  • Litlastøl/Svartavatn 2 løyve
  • Børkjelandsheia 1 løyve
  • Tjelmen/Vatndalen 1 løyve
  • Maldal 1 løyve


Andre område blir vurdert der det er påvist behov.
Ledige løyve blir utlyst.

e. Løyvet-/ kjøyreseddel skal alltid takast med under køyring. Alle skal i tillegg halda oversyn over køyringa i eiga køyrebok som ligg i scooteren i tilfelle kontroll. Køyrebok kan vere elektronisk. Alle turar skal førast og dette skal gjerast før kjøringa startar med dato, klokkeslett frå/til, oppdragsgivar, endepunkt og eventuelle merknader. Turar som ikkje er loggført i samsvar med forskrifta er ulovleg. Kopi av køyrebok skal leverast kommunen innan 1.juni kvart år.

f. Løyvet kan gis til person, selskap eller organisasjon. Den som har løyve etter § 5 pliktar å ha utstyr og personell til å dekke transportbehovet i tildelt område tilgjengeleg. Den som har næringsløyve etter § 5 d må vere MVA pliktig. Løyvehavar skal ha vikar/stedfortredar som skyttar løyvet når løyvehavar ikkje er tilgjengeleg. Vikar/stedfortredar skal vere oppgitt i ved namn i søknaden. Sjåfør må ha med skriftleg erklæring samt køyreseddel frå- / til løyvehavar. Sjøfør skal bruka løyvehavars materiell, men løyvehavar kan ha tilgong på reservescooter.

g. Det skal takast omsyn til alt slag vilt, spesielt villrein sine beite- og kalvingsområde. Ein bør venta til viltet har gått forbi, eventuelt køyra rundt i god avtand. Det skal vidare takast omsyn til skiløyparar på tur.

Det kan i område med stor ferdsle bli vurdert oppretting av eigne snøscootertrasear. Desse vil i så fall bli merka og løyvehavar er då pliktige til å nytta desse der dei finst.

i. § 3 pkt d/g* samt § 5 pkt d/e** i forskrifta – ikkje køyring på søn- og helligdagar og berre mellom klokka 0800 og 2000 på kvardagar. Elles gjeld vilkåra ovafor.

j. § 3 pkt d – transport av material, utstyr, arbeidsfolk til bygging i samband med byggeløyve. Tidsavgrensa til 2 år frå byggeløyve er gitt.

k. Rådmannen eller den han bemyndiger kan dispensera frå retningslinene.

l. Løyvehavar er pliktig til å innhenta løyve frå alle grunneigerar der transporten skal foregå. Løyvet frå grunneigar må vere tidsbegrensa.

*d) “transport av materialer, utstyr og arbeidsfolk” – g)”nødvendig transport av ved frå egen eigendom til fast bopel”.

**d) ”kjøring i utmarksnæring for fastboande” - e)”transport av ved utover det som følger av denne forskrifts §-3”.