Foreldresamarbeid

“Hvis mitt barn har det godt, har ditt barn det godt. Hvis ditt barn har det godt, har mitt barn det godt.” (Ukjend)

Føresette som bidreg til eit barnehage- skule- og SFO-fellesskap kjenneteikna av “me” framfor “eg”, bidreg til gode og inkluderande fellesskap for alle.

Alle barnehagar og skular har samarbeidsutval, der føresette, elevar(skule) og tilsette er representert. Det er også ein politisk representant i samarbeidsutvalet.

Utover dette kan avdelingar/klassar ha foreldrekontaktar, og det kan organiserast eit FAU (foreldra sitt arbeidstuval), om ein vurderer dette som føremålsteneleg.

Sauda kommune har også eit kommunalt foreldreutval for barnehage og skule, der ein foreldrerepresentant frå kvar eining deltek.