Leik og læring

Barnehagar og skular som brukar ordet “me” framfor “eg”,  ser ut til å lukkast betre.  Samarbeid og fellesskap gir resultat.

Tal og resultat frå barnehage og skule

Rammeplan og læreplan 

Rammeplan for barnehage, læreplan for grunnskulen og rammeplan for SFO styrer innhaldet i tilbodet. 

Med samarbeid og fellesskap som strategi

Rammeplanar og læreplanar må tolkast og omsetjast til praksis. Dette gjer dei tilsette både individuelt og felles. Dei arbeidsplassar som saman blir samde om kva som er beste praksis på nokre område, ser ut til å lukkast betre enn arbeidsplassar der tilsette i høg grad jobbar kvar for seg, med lite fagleg samhandling.

Dette gjeld på område der det er viktig for barn og unge at dei tilsette opptrer rimeleg likt, til dømes grensesetting og vurderingsarbeid.  Det må naturleg også vere rom for individuell praksis og fridom i val av metodar.

Avdelingar og klassar med gode fellesskap hjelper barn/unge som strevar til å lukkast betre. Det same gjeld for kollegiet: Gode og profesjonelle arbeidsfellesskap hjelper alle til å bli betre i jobben sin. 

Utvikling og læring kan vere hardt arbeid

“For å nyte, må ein yte”, er eit velkjend ordtak. Det gjeld også for utvikling og læring. Ein får aldri den gode meistringskjensla om ein ikkje har gitt noko for å oppnå denne. Det viktige er å tilpasse vanskegraden slik at den ligg i ei sone som barn/ungdom kan klare. Og tilby hjelp/støtte slik at alle kan klare det.

Barn/ungdom treng vaksne, både tilsette og føresette, som har positive forventningar til at dei kan. Vaksne som stiller passe krav til innsats, og tilbyr passe støtte, slik at dei lukkast.  Dette gjeld alle område, som å kle på kleda sine sjølv, lære seg å knyte sko, rydde, gjere oppgåver dei har fått, øve til prøve m.m.  

Læringsgropa viser korleis dei aller fleste læringsprosessar, store og små, er for oss alle. Det krev ein innsats.

Sauda kommune

Uro for barn/unge si utvikling

Barn og unge er ulike, og vil utvikle seg i ulikt tempo, og på ulikt vis. Det er viktig med ein brei og god definisjon av kva som er normalutvikling.

Blir barnet/ungdommen for lenge i botn på læringsgropa, og ikkje kjem vidare, må dei få meir hjelp/støtte til å kome vidare. Det kan til dømes vere i form av meir og betre tilpassa oppgåver og arbeidsmengde, eller andre arbeidsmåtar.

Har du uro for utviklinga til ditt barn si utvikling, fagleg, sosialt og/eller personleg, er det viktig at du tar kontakt med pedagogisk leiar, kontaktlærar eller SFO-leiar. 

Fagpersonane vil også ta kontakt med føresette, om dei har uro for utviklinga til eit barn/ungdom.