Informasjon ut:
Føresette og tilsette (05./06.03.24) (PDF, 144 kB)
Det er noko upresis informasjon i skriv som er sendt ut. Det er føresette og tilsette i dei kommunale barnehagane og barneskulane som svarar på spørsmåla, i og med at det er desse som blir utgreidd. Spørsmåla handlar om kvalitet, ressursutnytting, kompetanse, læringsmiljø og utvikling. Føresette og tilsette i barnehage svarar for barnehage, føresette og tilsette i skule svarar for skule.
Brakamoen barnehage SA er ein foreldreeigd barnehage, med styret som den formelle eigar. Sauda kommune har ei rettleiings- og tilsynsplikt for barnehagen. Sauda kommune har ingen styringsrett, om det ikkje blir avdekka lovbrot.
Brakamoen barnehage SA er i prosjektmandatet med som eit alternativ til framtidig barnehagestruktur. Det er styret i Brakamoen barnehage SA som må vurdere om dei vil sei ja til ein vidare dialog kring dette, om dette alternativet blir aktuelt. Før ein eventuelt dialog kring dette, er ikkje Brakamoen barnehage SA del av utgreiingsarbeidet, utover at kapasisteten (tal barnehageplassar) er med i det totale vurderingsgrunnlaget.
Brakamoen barnehage SA er likevel invitert til brei medverknad i prosjektet, gjennom deltaking i referansegruppa og invitasjon til å gi innspel til oppdrag. Samarbeidsutvalet ved Sauda ungdomsskule får også tilbod om å gi innspel til oppdraga.
Invitasjon til referansegruppa (05.03.24) (PDF, 156 kB)
Elevråd, FAU, styrar/rektor, samarbeidsutval (05./06.03.24) (PDF, 222 kB)