Alle barn har rett til å ha eit trygt, godt og inkluderande leike- og læringsmiljø i barnehage, skule og SFO.
Eit trygt miljø er kjenneteikna av fråvære av krenkande åtferd, mobbing, trakassering, truslar og vald. Eit godt miljø kan beskrivast som PERMA, og kan ha kjenneteikn som vist i biletet:
Definisjon på godt miljø
Sauda kommune
Retten til å vere inkludert i eit fellesskap med andre gjeld alle barn og unge. Uavhengig av funksjonsnivå og individuelle føresetnadar.
I skule viser skulereglane kva som er forventa åtferd for at alle skal ha det trygt og godt. Desse reglane er grunnlag for vurdering i orden og åtferd frå 1. - 10.klasse.
1.Kva gjer du om du har uro for leike- og/eller læringsmiljøet til ditt barn?
- Ta kontakt med pedagogisk leiar/kontaktlærar snarast, om du er uroleg for om ditt barn har eit trygt og godt miljø.
2. Kva gjer du om du har uro for leike- og/eller læringsmiljøet til heile avdelingen/barnehagen, klassen/skulen/SFO?
- Ta kontakt med pedagogisk leiar/kontaktlærar/SFO-leiar snarast, eventuelt foreldrekontakt/klassekontakt.
3. Kva skjer når du har meldt frå om uro for leike- og/eller læringsmiljøet?
- Barnehagen/skulen/SFO opprettar ei sak, som utan ugrunna opphald startar med grundige undersøkingar. Alle resultat må analyserast og vurderast grundig. Det vil derfor ta noko tid før undersøkingane er ferdig. Barnehagen/skulen/SFO jobbar så raskt dei kan.
4. Kva skjer når undersøkingsperioden er ferdig?
- Du får informasjon om resultatet, og om det er vurdert slik at retten til eit trygt og godt miljø er brote.
- Gjeld det heile avdelingen/barnehagen, klassen/gruppa/skulen/SFO, blir det kalla inn til eit foreldremøte, der informasjon blir gitt.
5. Kva skjer vidare?
- Om retten til eit trygt og godt miljø er vurdert brote, blir det oppretta ein aktivitetsplan med tiltak som skal sikre barn/ungdom eit trygt og godt miljø.
- Om retten til eit trygt og godt miljø ikkje er vurdert brote, har barnehagen/skulen/SFO dialog med deg om kva som kan betra den opplevde situasjon.
6. Er du ikkje nøgd med handtering av saka?
- Du kan ta kontakt med mobbeombodet i Rogaland for råd og rettleiing i saka.
- Opplever du at saka di ikkje er tatt på alvor, kan du sende ei grunngjeve klage til styrar/rektor. Styrar/rektor vil svare ut denne.
- Om du ikkje er nøgd med svaret, kan du be om at klaga og dokumenter i saka blir sendt kommunalsjef oppvekst.
- Kommunalsjef oppvekst vil handsame saka. Om det blir konkludert med same svar som styrar/rektor, vil kommunalsjef oppvekst sende dokumenter i saka til Statsforvaltaren.
- Kun skule: Føresette kan sende klage direkte til Statsforvaltaren, om de opplever å ikkje bli tatt på alvor av skulen.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 24.11.2024 16.31