Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Undersøkja ei sak

  • Har du/de uro for om eit/fleire barn/ungdom har eit trygt og godt miljø, skal de alltid gjera undersøkingar i saka.
  • Kor raskt desse skal bli gjennomført, må bli vurdert ut frå omsyn til barn/unge sitt beste. Dette blir bestemt i dialog med styrar/rektor. Utan ugrunna opphald, er ei god rettesnor for oppstart av undersøkingar.
  • Når det er mistanke om eller kjennskap til at tilsette krenkjar barn/unge, skal undersøkingane skje STRAKS. 
  • Plikta til å undersøkja gjeld om de har uroen sjølv, eller har fått informasjon om dette frå andre. 
  • Alle undersøkingar skal ha barn og unge sitt beste som grunnleggjande omsyn.
  • Slike saker skal alltid ha høgste prioritet, og leiar har ansvar for å rydda plass i arbeidsdagen slik at involverte tilsette kan delta i arbeidet og gjennomføra undersøkingar så raskt som mogleg.
  • Tempo og framdrift må ikkje vera slik at det ikkje blir gjennomført grundige nok undersøkingar.
  • Det er alltid barn/unge si subjektive oppleving som skal liggja til grunn for om miljøet er trygt og godt. Undersøkingane handlar derfor om å finne ut kva som ligg bak barn/unge si oppleving. Undersøkingane har som føremål å få fram fakta i saka.
  • Undersøkingane handlar ikkje om å framskaffa bevis for eller mot at mobbing/krenkingar har skjedd.
  • PPT er involvert i arbeid med læringsmiljø på generelt grunnlag. I det som har blitt ei sak om læringsmiljø, skal ikkje PPT vere del av saka. Ei heller i undersøkingsfasen.

 

Aktuelle undersøkingar: 

  • Samtale:
    • Alle involverte partar skal få sei si meining og oppfatning av situasjonen, både barn/ungdom det er uro rundt, andre barn/unge som er direkte eller indirekte påverka/involvert, i tillegg til tilsette. 
    • Undersøkingsplikta er ikkje oppfyllt før alle har fått uttalt seg.
    • Styrar/rektor har ansvar for at alle i ei sak blir høyrde.
    • Barn/unge må få naudsynt informasjon for å kunne ta stilling til om dei vil uttala seg, kva saka gjeld, og kvifor og korleis samtalen skal bli gjennomført.
    • Den tilsette har ansvar for å ufarleggjer og tilretteleggja samtalen, og sørgja for at den er tilpassa barn/ungdom sitt modningsnivå.
    • Barn/unge kan ha med sine føresette eller andre som støtte, eller få dei til å uttala seg på sine vegne.
  • Observasjonar:
    • Barnehagen/skulen kan gjennomføra aktuelle observasjonar.
  • Undersøkingar/kartleggingar:
    • Ein kan bruka dei same undersøkingar som blir brukt i årlege undersøkingar for å følgja med på miljøet, inkludert Digitalt spekter anonym.
    • Om andre undersøkingar ikkje gir nok informasjon, kan ein bruka Digital Spekter - ikkje anonym undersøking i ei sak for barn i 3. - 10.klasse. Det er knytt strenge personvernvilkår til bruk av denne. Sjå meir om vilkår og rutine for gjennomføring under. 
    • Ein kan også be andre tenester om hjelp. (Sjå over.)
  • Barn/unge sitt beste vurdering:
    • Det er nokre faste moment som skal bli vurdert og vekta i ei slik vurdering. Sjå meir informasjon om kva/korleis under. 
  • Pedagogisk analyse:
    • Samanfatning av funn kan bli gjort gjennom ein pedagogisk analyse
    • Det er viktig at undersøkingane belyser om det er andre faktorar i omgjevnadane (enn direkte involverte) som kan påverke barn/unge si oppleving av situasjonen.
    • Pedagogisk analyse basert på dei funn som er gjort kan vera ein godt eigna metode til å få avdekka ulike faktorar.
  • Samanstilling av funn og analyse blir gjort ut frå spørsmål i rutine for oppfølging av resultat. 
  • Alle samtalar og analyse av funn blir dokumentert gjennom referat, slik at ein kan sjå og forstå kva som ligg til grunn for dei vidare faglege vurderingar. Dette inneber også dokumentasjon av barn/unge sitt beste-vurdering. Desse dokument blir lagra i barn/unge si mappe.