Frå del 1 av fase 2 er det avklart at arbeidet skal førast vidare med løysingsforslag for ein felles barneskule, lokalisert til tomtene ved Fløgstad skule, Austarheim skule og området ved Hestesportbanen/Veslefrikk. Det skal vurderast både gjenbruk av eksisterande bygningsmasse og etablering av nye bygg. Det blir ikkje arbeidd vidare med fleirbrukshall knytt til ein felles barneskule.
Det blir òg utarbeidd eit estimert kostnadsoverslag for oppgradering av dagens barneskular, knytt til byggtekniske og funksjonelle behov, slik at kommunestyret får eit godt grunnlag for å samanlikne alternativa.
Parallelt held arbeidet med ein plan for oppgradering av barnehagane fram.
Det er venta at ei heilskapleg sak kan leggjast fram for kommunestyret i mai- eller junimøtet i 2026
Publisert 12.12.2025 10.31
Sist endret 12.12.2025 11.23