Kulturskulen tilbyr individuell opplæring på:
- Fiolin
- Gitar
- El-gitar
- El-bass
- Keyboard
- Song
- Piano
- Messinginstrument
- Musikkteknologi og komposisjon
- Trekkspel/toradar
- Slagverk
- Spesialundervisning for elevar med spesielle behov.
Kor lenge?
Alle timane varer i 45. minutt. Dette kan kortast ned dersom det blir for lenge for t.d. svært unge elevar.
Om ein ønsker meir undervisning, kan ein søke om å få undervisning fleire gonger pr. veke.
Når?
Lærarane set opp timeplanen sin i august. Dei prøver å tilpasse timane slik at det passar for elevane.
Kvar?
Alle lærarar underviser i undervisningslokala til kulturskulen i 2. etasje på Folkets hus. Nokre av spesialelevane våre har sitt tilbod i andre lokale.