Vedtekter

Organisering
  1. Sauda kommune eig og driv Sauda kulturskule og er heimla i Opplæringslova § 13.6. 
     
  2. Sauda Kommunestyre fastset vedtekter for kulturskulen. 
     
  3. Kulturskulen høyrer administrativt til under området oppvekst og kultur.
     
  4. Rektor for kulturskulen har det faglege, pedagogiske og administrative ansvaret for drifta. 
     
  5. Kulturskulen og grunnskulane kan nytte kvarandre sine læremidlar etter nærare avtale. 
     
  6. Undervisningsåret i Sauda Kulturskule følgjer til vanlig skuleruta for grunnskulen i kommunen. 
     
  7. Undervisninga kan organiserast både som individuell undervisning og som gruppeundervisning. Ein individuell undervisningstime er på 45 min. medreknaoppvarming og liknande. 
     
  8. Gruppeundervisning og samspelsundervisning kan organiserast som eit prosjekt over ein kortare periode. 
Me tilbyr
  1. Alle elevar i kulturskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Kulturskulen rettar seg etter Opplæringslova 9A 1 – 4. 
     
  2. Alle lærarar har godkjent politiattest. 
     
  3. Våre lærarar skal møte i god tid og er førebudde til ei undervisning tilpassa eleven(ane). 
     
  4. Våre lærarar set krav til orden, innsats og ønskjer at eleven møter presis og førebudd. 
     
  5. Våre lærarar ønskjer å gi eleven kunnskap, ferdigheiter og gode opplevingar. 
     
  6. Våre lærarar vil lytta til eleven, motivera og peika på rom for utvikling. 
     
  7. Våre lærarar vil orientera elev og føresette om opplegget og invitera til samtale minst ein gang i halvåret 
     
  8. Våre lærarar vil ta kontakt med heimen dersom undervisninga bør avsluttast. 
     
  9.  Søknadar som kjem innan frist til opptak vert handsama innan tre veker.
     
  10. Meldingar om sjukdom, endring, mobbing og liknande vert forsøkt formidla og løyst same dag. Meldingar på telefonsvarar, e-post og liknande vert svart på så raskt som mulig innan kontortid på virkedagar.
     
  11. Kulturskulen skal ved fråvær av personale setje inn vikar dersom det er mogeleg. Dersom ein lærar har fråvær meir enn to gonger i halvåret utan at det vert sett inn vikar, får eleven redusert elevavgift. Refusjonen slår inn på faktura for påfølgjande semester. 
     
  12. Det vert sendt ut ei oversikt over kulturskulen sine aktivitetar i august og januar. Dette står i administrasjonsprogrammet vårt Speedadmin, som alle i kulturskulen har tilgang til.
     
  13. Prosjekt der timeplanen vert endra i ein periode skal varslast tre veker før endring.
     
  14. Det vert arrangert felles informasjonsmøte for føresette ved skulestart. 
Me forventar
  1. Elevane skal møte presis og førebudd til timen. 
     
  2. Elevane skal vise god framferd mot tilsette og elevar ved kulturskulen.
     
  3.  Alle som får plass på eit instrumentaltilbod skal ha tilgang til instrument som dei kan øve på. Det er ønskjeleg at dei føresette legg til rette for eit godt øvingsmiljø. 
     
  4. Kulturskulen ønskjer å få  melding om elevar som har behov for særleg oppfølging i opplæringa.
     
  5. Fråvære må meldast på førehand til rektor eller lærar om mulig. Elevar har ikkje rett på å få  att enkelttimar ved eige fråvære. Ved lengre tids sjukdom kan ein søkje om redusert elevavgift. 
     
  6. Elevane har ansvar for instrument/utstyr dei låner/leiger av kulturskulen. 
     
  7. Kostnad til undervisningsmateriell må påreknast for einskilde aktivitetar.  
       
  8. Rektor skal informerast dersom eleven får oppdrag i regi av kulturskulen.
     
  9. Kulturskulen har ei rekkje konsertar, framsyningar og utstillingar i løpet av skuleåret.  Å delta som utøvar og/eller publikum er ein del av undervisninga og kan erstatta vanleg undervisning.
  10. Elevar som ikkje rettar seg etter kulturskulen sine vedtekter kan stengjast ute frå undervisninga ved alvorlege eller gjenntakande brot.  Føresette har uttalerett og skal varslast på førehand. Rektor ved kulturskulen tek endeleg avgjerd. 
Kostnad
  1. Deltakaravgift, materialkostnadar ved kunstfag og sats for leige av instrument vert vedteke av Sauda kommunestyre i samband med handsaminga av årsbudsjettet.  
     
  2. Det vert gitt søskenmoderasjon med 30 % f.o.m. andre barn. Gjeld også dersom ein elev deltek på fleire tilbod
     
  3. Deltakaravgifta skal betalast for heile semesteret sjølv om eleven sluttar eller startar i løpet av semesteret. 
     
  4. Elevavgifta vert sendt ut i oktober og februar månad.
     
  5. Dersom du har fått kulturkort, kan du nytte dette på eit tilbod i kulturskulen.
Opptak
  1. Opptak skjer for kvart semester. Søknadsdato er sett til 1. mai for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
     
  2. Kulturskulen tar inn nye elevar fortløpande om ledig kapasitet. Ein held plassen i kulturskulen fram til ein seier opp plassen. Frist for oppseiing er 1. mai for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
     
  3. Elevane får ein prøvetime kostnadsfritt.
     
  4. Elevplassen er personlig og kan ikkje overførast til andre (t.d. søsken).
     
  5. Prioritering ved opptak er: 
                  a.     Elevar med kulturkort 
                  b.    Elevar frå grunnskulen som ikkje har plass frå før.
                  c.     Elevar frå grunnskulen som har plass frå før, men søkjer tilbod nr. 2.
                  d.     Elevar under grunnskulealder (0-6 år) 
                  e.     Elevar med særskilde behov over grunnskulealder.
                  f.     Elevar frå vidaregåande skule. 
                  g.     Søkjarar frå andre kommunar.
                  h.     Vaksne 
     
  6. Opptak er eit enkeltvedtak og vert handsama i tråd med Forvaltningslova.  Formannskapet er endeleg klageinstans.