Prosjektmandat

Prosjektmandatet skal svare ut Kommunestyret sitt vedtak i sak 137/2024 – Budsjett og økonomiplan 2025–28, samt kommunestyrevedtak i sak 031/2025. Mandatet legg rammene for arbeidet med å utrede og foreslå framtidig organisering av helse- og velferdstenestene i Sauda kommune.

Mandat for framtidig organisering av helse og velferdssektoren i Sauda

Prosjektet «Framtidas Helse og velferd» skal bidra til å avklare korleis helse- og velferdstenestene i Sauda skal vere organisert i framtida. Ein skal utgreie og vurdere kva organisering og prioritering av tenester brukarar, tilsette og kommunen som organisasjon, vil vere best tent med. Dette vurdert opp mot faktorane:

Bygg, anlegg og arealdisponering

Ressursutnytting og berekraft

Kvalitet og kompetanse

Koordinering og samhandling

Leiing og utvikling

For å få til dette skal prosjektgruppa nytte ekstern kompetanse som skal kartleggje styrkjer og utfordringar på desse områda. Vidare vil prosjektgruppa nytte ekstern kompetanse til å greie ut alternativ til organisering og prioritering av tenesteområdene, og vise korleis ulike alternativ kan endre styrkje- og utfordringsbiletet.

Prosjektgruppa vil definere ein beste-praksis på dei fem faktorområda som tenestene skal vurderast opp imot, og la det stå som ei beskriving for ønska situasjon på desse områda.

Prosjektgruppa vil sikre medverknad frå brukarar, tilsette, pårørande og frivillige organisasjonar, som grunnlag for å definere ønska situasjon.

Prosjektgruppa vil vidare bruke den innsamla informasjonen til å analysere og vurdere kvart alternativ til organisering og prioritering opp mot den ønska situasjonen. Endeleg vil prosjektgruppa lande på eit forslag til vedtak som blir lagt ut på høyring, før endeleg handsaming i råd og utval. Kommunedirektøren vil deretter leggje fram ei sak til kommunestyret, med forslag til vedtak om korleis Helse og velferd i Sauda skal vere organisert i framtida.

Ei avklaring av struktur og rammebetingelsar for prosjektarbeidet er viktig for å unngå for mange forstyrringar og distraksjonar i den daglege drifta. Det vil naturleg vere ulike interesser og synspunkt i ei slik sak, avhengig av bakgrunn, erfaringar og verdiar. Målet er å få til ein open og informativ prosess som sikrar medverknad frå involverte aktørar og mest mogleg anerkjenning og aksept for dei val som blir tatt. Kommunestyret har spesifikt bedt om at brukarar blir involvert. Desse partane vil få representasjon i prosjektgruppa gjennom sine interesseorganisasjonar, og i referansegruppe undervegs i arbeidet.

Definisjon av faktorane i kommunestyret si bestilling

Bygg, anlegg og arealdisponering
Areala er tilrettelagt i samsvar med lovkrav, standard og behov. Utgreiinga skal:

Vurdere funksjonalitet og tilstand på eksisterende bygg og anlegg

Analysere muligheter for samlokalisering og effektiv areal- og ressursutnyttelse

Belyse hvordan digitale verktøy og velferdsteknologi kan integreres

Ressursutnytting og berekraft
Ressurser blir nytta effektivt og ansvarleg, med god nytteverdi for brukarane. Utgreiinga skal:

Gjennomføre KOSTRA- og tenesteanalyser for å kartlegge kostnader og effekt av tenestene

Vurdere dimensjonering av tenester på ulike nivå i omsorgstrappa

Vurdere kva yrkesgruppe som kan og bør gjere kva

Vurdere kva frivillige kan gjere og ønskjer å bidra med

Vurdere tilgang og bruk når det gjeld hjelpemidler og utstyr

Kvalitet og kompetanse
Det er kapasitet og kompetanse til å møte brukar sine behov. Utgreiinga skal:

Vurdere tilgjengelighet, omfang og kapasitet

Vurdere brukar- og pårørandetilfredshet

Vurdere kompetanse, kontinuitet og rekruttering

Status eksisterende kompetanse og behov framover

Rekrutteringsutfordringer og tiltak

Status for heiltid og arbeidstidsordninger

Samordning med Rogaland revisjon sin rapport våren 2025

Koordinering og samhandling
Brukarforløp er saumlause og effektive i møte med brukarane sine behov. Utgreiinga skal:

Kartlegge samhandling mellom helse- og velferdstenester og andre kommunale einingar

Vurdere status for tverrfagleg samarbeid (BTI)

Vurdere samarbeid med frivillige lag, organisasjoner og lokalsamfunnet

Identifisere barrierer for effektiv samhandling

Vurdere tjenester knytta til barn og unge, inkludert lovpålagte/ikke lovpålagte oppgaver

Foreslå forbedringstiltak for framtida

Leiing og utvikling
Helse og velferd blir drive i samsvar med lovkrav, forskrifter og nasjonale anbefalingar. Utgreiinga skal:

Vurdere dagens leiarstruktur og identifisere sårbarhet og styrker

Foreslå tiltak for å sikre kapasitet og kompetanse til leiing og fagutvikling

Foreslå forbedringstiltak med alternativ organisering/leiarstruktur

Vidare arbeid

Hente inn erfaringar frå andre kommunar

Utrede økonomiske og administrative konsekvensar for ulike alternativ

Kommunedirektøren sine forslag til kva former for organisering av helse og velferd som blir vurdert og utgreidd:

Dagens organisering

Samorganisering og/eller samlokalisering av tenester

Endring i sektororganisering

Interkommunale samarbeid

Evaluering av Eining for tilrettelagte tenester skal integrerast i utgreiingsprosessen, med sikte på å utvikle ein handlingsplan som besvarer kommunestyresak 133/2024.

Prosjektorganisering og medverknad

Prosjektgruppe:

Prosjektleiar: Kommunalsjef Helse og velferd

Sekretær: Fagleiar arbeidsplan og velferdsteknologi

Einingsleiar helse (lege, fysio/ergo, forvaltning)

Einingsleiar institusjonstenester

Einingsleiar heimebaserte tenester

Kommunepsykolog

Representant for barn og unge

HTV Norsk sjukepleiarforbund

HTV Fagforbundet

Referansegruppe 1: Samarbeidsutvalet i einingane

Einingsleiar

Avdelingsleiar (ev.)

Tillitsvalt

Verneombod

Pårørande og/eller brukarrepresentant

Referansegruppe 2: Einingsleiargruppa i Helse og velferd + samarbeidspartnarar

Eining for tilrettelagte tenester (ETT)

Heimetenesta

Legekontor, fysio/ergo og forvaltning

Sauda distriktsmedisinske senter

Åbøtunet

Psykisk helse og rus

Indre Ryfylke barnevern

Indre Ryfylke PPT (vertskommune: Suldal)

NAV

Representant frå Demensforeininga

Representant frå Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU)

Høyringsinstansar:

Fagrørsler

Samarbeidsutval i einingane

Høyringa elles open for alle

Kommunikasjon og informasjon

Kontaktperson i saksarbeidet: Kommunalsjef helse og velferd

Det blir etablert eit eige område på Sauda kommune sine heimesider med prosjektmandat, framdriftsplan og undervegsinformasjon

Framdriftsplan

Oppstart: januar/februar 2025

Høyringsperiode: 15. august – 15. september 2025

Sak til kommunestyret: hausten 2025