Bondens nettverk

Bonden har eit stort ansvar kvar dag. For alle bønder kan det oppstå situasjonar som kan vere vanskelege å handtera åleine. Det er ikkje uvanleg at ein mistar evna til å tenke klårt når ein står i ein vanskeleg situasjon, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som tærer over tid. 

Dette kan Bondens nettverk hjelpa med.

Kontaktpersonar

Du kan ta kontakt dersom du sjølv er i ein vanskeleg situasjon, eller om du er uroa for nokon andre.

 

Kontaktinformasjon
NamnTelefonnr.Representerer
Elin Tjordal992 90 604Sauda kommune, landbruk
Psykisk helseteneste986 43 178Sauda kommune, psykisk helseteneste
Helene Moe922 79 237NLR- Nord landbruksrådgiving
Ola Magnar Birkeland951 74 908Sauda bondelag
Johannes Herheim406 03 912Sauda Sau og Geit

 

Kontaktpersonane har teieplikt

Teieplikta vil bli ivaretatt. Det er heller ikkje automatikk i at heile nettverket blir aktivert ved kontakt med ein av deltakarane.

 

Samarbeid

Bondens nettverk er eit samarbeid mellom Sauda kommune, Norsk landbruksrådgiving (NLR), Sauda bondelag og Sauda Sau og Geit.