1. Lov og retningslinjer
Skulefritidsordninga (SFO) skal drivast i samsvar med § 13-7 i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. SFO skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.
Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Barn med særskilde behov skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vera eigna for formålet.
Skulefritidsordninga skal følgja nasjonal rammeplan, samt vedtekne plandokument og rutinar i Sauda kommune.
2. Formål
Skulefritidsordninga er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod før/etter skuletid og på fridagane til skulane. Målgruppa er barn i Sauda grunnskule på 1.- 4. klassetrinn og barn med særskilde behov på 1.-7. klassetrinn. Barn med særskilde behov blir definert som med varige funksjonsnedsetjingar som medfører omfattande og vedvarande behov for bistand.
3. Eigarforhold
Dei kommunale skulefritidsordningane er ein del av skuleverksemda og er eigd av Sauda kommune.
4. Bemanning og leiing
SFO leiar har det pedagogiske og administrative ansvaret for SFO ved alle tre skulane. Rektor har ansvar for at skulefritidsordninga er ein integrert del av skuleverksemda. Rektor har det overordna ansvaret for SFO.
Den daglege drift av SFO er delegert SFO-leiar. SFO-leiar inngår i leiargruppa til skulen. SFO-leiar skal delta i samarbeidsutvalet ved skulen.
Ved utlysing av SFO-leiarstillingar skal det krevjast relevant 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning.
Den andre bemanninga i SFO skal bestå av personale med rett kompetanse til å levera eit kvalitativt godt tilbod i samsvar med lov og retningslinjer.
Som hovudregel skal det minimum stillast krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Rettleiiande bemanningsnorm er ei grunnbemanning med ein tilsett per 15 barn. Rektor avgjer endeleg bemanning etter prinsippet om forsvarleg bemanning.
I tillegg kjem styrka bemanning til oppfølging av barn, tilsvarande oppfølging som barna har i skulen, om rektor vurderer behov for dette.
5. Opptakskriterium
Alle barn i målgruppa skal få tilbod om SFO-plass når dei søkjer innan årleg frist. Barn som søkjer etter fristen, kan få plass om det ikkje utløyser krav til auka bemanning.
Barn som ikkje har fast plass i SFO kan søkja om- og få plass i skulen sine feriar og fridagar, om det ikkje utløyser auka krav til bemanning.
6. Opptaksintans
Rektor og SFO leiar ved kvar skule er ansvarleg for opptaket av barn til SFO.
7. Opptaksperiode og oppseiing
Påmelding til hovudopptaket skal skje innan 01.mars. Elles er det løpande opptak gjennom året, om det er ledig plass.
Påmelding, endring av plasstorleik og oppseiing blir gjort i portal på heimesidene til kommunen.
Alle barn som er innmelde i skulefritidsordninga er påmeldt ut 4. trinn.
Oppseiingstid er tre månadar rekna frå den 1. i den etterfølgjande månaden.
Reglane om oppseiing gjeld òg ved plassreduksjon, og om ein flyttar ut av kommunen.
8. Plasstorleik og opphaldstid
Det blir gitt tilbod om 100 %, 80 % og 60 % plass.
Vekentleg opphaldstid er i utgangspunktet 5 dagar for full plass, 4 dagar for 80 % plass og 3 dagar for 60 % plass, faste dagar.
Desse dagane gjeld også når SFO er open i skuleferiane. Skulen avgjer sjølv kor fleksibelt opphaldstida kan nyttast.
Frå skuleåret 2024/25 opnar skulefritidsordninga klokka 07.30, om det er påmeldte barn til morgon-tilbodet, og har ope frå etter skuletid og fram til klokka 15.30.
Opningstid i feriar er frå klokka 08.00 – 15.30.
Barn som har gratis kjernetid 12 timar per veke har plass frå etter skuletid og
fram til klokka 15.30 måndag – torsdag, og til klokka 15 fredagar i skuleåret. I
skulen sine feriar og fridagar har dei rett til gratis plass i deler av dagane,
tilsvarande 12 timar i veka. Dei har rett til betalt plass utover dette.
Skulefritidsordninga held stengt i juli månad, og har stengt dei
fem planleggingsdagane som er lagt til hausthalvåret i skuleruta. I tillegg er det stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.
Føresette betaler for dei elleve månadene som skulefritidsordninga held ope.
9. Foreldrebetaling
Sauda kommunestyre fastset foreldrebetaling og eventuelle moderasjonsordningar i den årlege budsjetthandsaminga.
Det kan krevjast ekstrabetaling for kost- og turutgifter.
10. Leike- og opphaldsareal
Skulefritidsordninga baserer verksemda si på sambruk av areal med resten av skulen.