Sauda Vaksenopplæring

Sauda introduksjonsteneste og vaksenopplæring held til i lokaler i 1.etasje på Høllandstunet, Nedre Hølland. 

Vaksenopplæringa tilbyr

  • Norskopplæring med samfunnskunnskap for framandspråklege.
  • Grunnskuleopplæring for vaksne.
  • Arbeidslivskurs for Introduksjonsdeltakerar.
  • Språkpraksis for Introduksjonsdeltakerar.
     

Norskopplæring med samfunnskunnskap for framandspråklege


Sauda Kommune tilbyr vaksne innvandrerar norskopplæring som set dei i stand til å bruka eller byggja vidare på sin eigen kompetanse i utdanning, i arbeid og i samfunnslivet for øvrig. Målet med den grunnleggjande opplæringa er å få deltakerane opp på det nivået i norskdugleikar som følgjer måla i opplæringsplanen i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrerar, og som blir måla gjennom språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne.

Tenesta er for innvandrerar over 16 år som har status som flyktningar, har opphaldsløyve eller er innvandrarar til Noreg.

For dei gruppene som ikkje har rett til gratis opplæring, er det knytta kostnadar til opplæringa i samsvar til fastsette prisar.

Undervisninga er på dagtid.  Elevar blir organisert i grupper ut frå norsknivå og tidlegare skulegang. Kvar gruppe arbeidar mot språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne og Samfunnskunnskapsprøven.  Sauda Vaksenopplæring gjennomfører godkjente norskprøvar på nivå A1 til B2, to gonger i året i Sauda.  I tillegg kan ein ta samfunnskunnskapsprøven og den nye statsborgarprøven her.

Oppmelding til samfunnskunnskapsprøven eller statsborgarprøven 

Prøvebevis for norskprøve blir sendt i posten og karakterutskrift på e-post.

For meir informasjon sjå 
Sjå Kompetanse Norge si nettside.

 

Kontaktperson Wendy Pettersen 

telefon 92458883