Informasjon om endring i fag- og administrasjonssystem i barnehage, skule og SFO

Frå 4. april 2025 vil dei kommunale barnehagane, grunnskulane og SFO i Sauda ta i bruk Visma som fag- og administrasjonssystem.

Dette betyr at føresette frå og med 4. april 2025 må laste ned appen Min Barnehage (for barnehage) og/eller Min Skole (for skule og SFO). All kommunikasjon mellom heim og barnehage/skule vil frå denne datoen gå gjennom desse meldingstenestene.
I ein overgangsperiode fram til påske vil me framleis lese meldingar som kjem via IST, for å sikre at viktig informasjon ikkje går tapt.

Takk for forståing og samarbeid i denne overgangsfasen.