Jamfør ny lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressurslova) datert 20.06.2025 (ikraftsett 01.07.2026) fylgjer det av § 9 fjerde ledd at i kommunar der det er adgang til jakt på elg, hjort eller rådyr, skal kommunen etablere eit viltfond som har til føremål å fremje viltforvaltninga i kommunen. Vidare heiter det at kommunen kan gi forskrift om fastsetting og innkreving av fellingsavgift for kvart dyr som vert felt av elg og hjort, innanfor rammer som er sett fast av Stortinget. Inntektene frå fellingsavgift skal tilfalle det kommunale viltfondet.
Sauda kommune har allereie forskrift som opnar for jakt og minsteareal som grunnlag for fellingsløyve på elg, hjort og rådyr i Sauda kommune, datert 15.06.2011. Sauda har også ein praksis for innkreving av fellingsavgift for kvart dyr som vert felt av elg og hjort etter Staten sine satsar. Fellingsavgifta vert innbetala til det kommunale viltfondet, og midlane vert brukt til fallviltarbeidet i Sauda kommune.
Kommunedirektøren har utarbeida forslag til revidert forskrift om opning av jakt, minsteareal og fellingsavgift for fellingsløyve på elg, hjort og rådyr i Sauda kommune.
I kommunedirektøren sitt forslag til forskrift vert det lagt opp til at eksisterande forskrift av 15.06.2011 vert oppheva, samt at forskrift av 04.05.2001 som ligg på Norsk Lovtidend vert oppheva. Det vert teke inn i forslaget at ein nyttar staten sine satsar for innkreving av fellingsavgift, dette etter tidlegare praksis. Det er berre endringa med § 3, fellingsavgift for elg og hjort, som kommunedirektøren foreslo at skulle på høyring.
Utval for areal, næring og kultur vedtok å sende forslaget om forskrift ut på høyring i møte 10.mars 2026, for å samle innspel frå berørte partar. Utvalet fatta følgande vedtak:
Forslag til forskrift vert lagt ut på høyring med følgende endrings- og tilleggsforslag:
- Egne satser for gardane Svandal, Vetrhus og Molla strykes. Enstemmig vedtatt.
- Grunneier som kan dokumentere seg skadelidene grunnet høy bestand av hjort, kan søke om nedjustert grense på 750 dekar per løyve, for inntil 2 år om gangen. Forslaget vedtatt med 6 mot 1 stemmer.
Innspel frå høyringa vil leggast til grunn for vidare arbeid med forslaget, og danne grunnlag for ei endeleg avgjerd.
Forslag til revidert forskrift
Les kommunedirektøren sitt forslag til forskrift (PDF, 183 kB) (PDF, 82 kB)
Les forslag til forskrift i tråd med utvalg for areal, næring og kultur sitt vedtak (PDF, 131 kB) i møte den 10.03.2026.
Har du innspel?
Svar på høyringa innan 15.04.2026
Høyringsinnspel på fellingsavgifter skal vere skriftlege og sendast til Sauda kommune, til:
Me ber om at du oppgir fullt navn, kontaktinformasjon og saksnummeret 26/330 ved innsending av innspel.
Spørsmål?
Ta kontakt med Elin Tjordal på eining Landbruk: