Lokal høyring av stadnamn ved Lindvoll(s)åsen/Lindvollåsane i Sauda kommune

Kommunestyret i Sauda vedtok den 25.03.2026 adressenamnet Lindvollåsen. Etter vedtak har Kartverket klaga på kommunestyrets vedtak. Som følgje av klagen har Sauda kommune vore i dialog med Kartverket for å avklara skrivemåten for nytt adressenamn i området. Sauda kommune har difor valt å melde saka opp til namnesak hos Kartverket for stadnamnet Lindvoll(s)åsen/Lindvollsåsane/Åsane jf. e-post dagsett 25.06.2026. 

Kartutsnitt fra området som er bakgrunn for høringen.

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av mellom anna naturnamn, nedervede gards- og bruksnamn, stølsnamn og statlege anlegg. Før Kartverket kan gjere vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg som gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei særleg har tilknyting til.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed Kartverket om å få opplyst dei ulike uttaleformene.

Namn som er med i namnasaka kan ein sjå i vedlegget: Namnesaksskjema til oppstart av namnesak 2026-118 - Sauda kommune (PDF, 96 kB)
 

Har du innspel?

Frist for uttalar er 01.09.2026.

Me ber om at uttalar blir sendt på ei av desse tre måtane:

Oppgje namn, kontaktinformasjon (e-post eller postadresse) og merk med saksnr. 26/1237.
 

Vidare prosess

Etter at høyringsfristen er over, vil kommunen:

  • Samanstille høyringsinnspela og sende desse til Kartverket for vurdering
  • Kartverket skal deretter gi tilråding til kommunen
  • Kommunen leggje fram sak til politisk handsaming vinteren 2026 med Kartverket sine vurderingar 


Målet er å fastsetje stadnamn for området Lindvollen. Det er ikkje satt ein endeleg dato for stadfesting av namn, då dette vil vere avhengig av saksbehandlingstid hos både Kartverket og Sauda kommune. 
 

Spørsmål?

Ved spørsmål, ta kontakt med sakshandsamar Elin Storesund Brekke:

E-post elin.storesund.brekke@sauda.kommune.no

Telefon: 98 48 10 88