Ordførar

Ordfører Asbjørn Birkeland - Klikk for stort bileteOrdfører Asbjørn Birkeland Asbjørn Birkeland

Godt nytt år kjære Saudabuar!

2016 var eit innhaldsrikt år for Saudasamfunnet. Heile vestlandet er inne i tøffe tider, der oljebransjen går tregt. Dette fekk også me i Sauda merka når BartecTechnor la ned produksjonen i Sauda. I tillegg brann Øyra bakeri og mot slutten av året fekk me 2 triste beskjedar: UDI vedtar å legge ned drifta av asylmottaket og Sauda Fjordhotell går konkurs. I tillegg til desse som blir direkte råka, er det eit stort omløp av lokalt teneste- og vare-kjøp knytt til desse verksemdene som fell bort. I sum er bortfallet av så mange arbeidsplassar ein veldig dramatisk situasjon for eit samfunn av Sauda sin storleik.

For Sauda kommune slår dette ut på skatteinngangen. For at kommunen skal kunne levere dei gode tenestene til innbyggarane må me ha inntekter til å finansiera. I tillegg til redusert skatteinngang frå innbyggarane våre, har regjeringa valt å auke skatt på kraftverk, ein skatt til staten som kraftverkseigarane får skriva av på eigedomskatten slik at kommunane blir ramma, samt ein lågare eigedomskatteverdi på kraftverk grunna låge kraftprisar og eit unaturleg rentenivå frå finansdepartementet som gir Sauda og andre kraftkommunar betydeleg mindre skatteinntekter frå vasskraft. Også inntektssystemet er endra til Sauda sin disfordel, slik at rammeoverføringane frå staten vert mindre.

Dette gjer at Sauda kommune også i 2017 må redusere tenestenivået. I alle tenesteområda. Rådmannen la fram eit forslag til budsjett med store kutt over heile linja. Formannskapsbehandlinga viste at det er brei politisk einigheit om at drifta til kommunen må reduserast. Alle var einige om at kutt og beskjedne investeringar må til for å få ei berekraftig drift i kommunen som gir handlingsrom i framtida.

Kommunestyret vedtok likevel å ikkje gjera så store kutt i tilskot til idretten som rådmannen la opp til. Kommunestyret la inn igjen søskenmoderasjon til kulturskulen og utsette halv leige i Saudahallen til barn og unge med eit halvt år. Samtidig blei det vedtatt ei ekstra satsing på badeanlegget i Saudahallen og ekstra fokus på reiseliv. I det store og heile var kommunestyret samrøystes i budsjettbehandlinga. Men noko usemje var det mellom partia, det er slik politikken skal vera.

Det var og mange oppturar i 2016. Eg rekk ikkje å nemna alle, men vil trekka fram nokre sentrale ting. Eg vil byrja med alle dei flotte arrangementa me har i Sauda. I 2016 feira kyrkja i Sauda 150 år, med gode konsertar og arrangement i ei heil veke. Me hadde idrettsarrangement, med Sauda BCC og Hovlandsnuten Opp og Tour des Fjords i spissen. Dei mange sentrumsarrangementa; Saudadagar, Jøye meg, Bønder i byn og oktoberfestival. Alt dette er med å gjera Sauda, og sentrum spesielt, meir attraktivt. Og det viser igjen på kassaapparata til butikkane. Sauda har aukande omsetjing i detaljhandelen, og ligg mykje høgare enn kommunane rundt oss. Det er bra, og bør inspirera fleire til å satsa på handel i Sauda. Auka tilbod og variasjon aukar som kjent attraktiviteten. Hyttemarknaden er med og aukar omsettinga i sentrum. Derfor er det gledeleg at fleire satsar på hytteutbygging. Me har hatt godt med reguleringsplanar på nye hyttefelt til behandling i 2016.

Det har og vore gjort eit godt førebyggande arbeid blant ungdom i året som gjekk. Mange tiltak, men det var nok ungdomsfestivalen som var høgdepunktet. Ei heil veke med arrangement for ungdom. La oss håpa at det blir ein årleg tradisjon med ein slik festival.

Kommunen har investert i mange nye bygg dei siste åra. Og me ser ikkje noko stort etterslep på vedlikehald i dei bygningane me har. Det betyr at Sauda kommune er godt rusta for framtida på dette området. I 2016 hadde me offisiell opning av utebadeanlegget, eit fantastisk tilbod til fastbuande og besøkande. Me opna nye Veslefrikk barnehage, kanskje den flottaste barnehagen i regionen med eit utruleg fint uteområdet. Statens Vegvesen sitt anlegg i Allmannajuvet vart endeleg offisielt opna og me har hatt offisiell opning av STAS-bygget i Torsvegen i Åbøbyen. Dette sette prikken over I-en for det store løftet av denne delen av sentrumsområdet. Her har området, nå med belysning, ved Andedammen, hybelbygg, barnehage og STAS-bygg gitt eit nytt flott byrom som eg håpar Saudabuen kjem til å bruka mykje.

Så må eg ta fram facebookgruppa «Framsnakking Sauda». Eit fantastisk tiltak der ein kan gå inn og skriva nokre oppløftande ord om nokon du syns fortener det. Eg merkar at eg bruker sida når eg er litt nedstemt, då går eg inn og les alle dei gode tinga folk skriv om andre, og så blir eg i godt humør. Det anbefalast. Er du ikkje medlem av gruppa, må du søka ho opp og bli medlem. Eg bruker derfor denne anledninga til å framsnakka den nye redaktøren i Ryfylke, Edd Meby, som tok initiativ til denne gruppa. Godt tiltak!

Kva med 2017? Korleis ser framtida ut? Det veit eg ikkje, men eg kan seia at det blir fokus på omstilling. Kommunen skal omstillast, rådmannen skal legga fram ei organisasjonsendring i mars. Rådmann Wictor Juul har sagt opp stillinga si, og arbeidet med å få på plass ein så viktig stilling for kommunen er allereie i gong, og vil ha stort fokus dei neste månadane. Og me skal ha fullt trøkk på å driva næringsutvikling og skapa nye arbeidsplasser. Me skal jobba vidare med «Ka ittepå» prosjektet, eit prosjekt som skal styrka næringsutviklingsarbeidet i kommunen. Eit anna spennande prosjekt eg gleder meg til å følga i 2017 er arbeidet med å prøva å etablera ny kraftkrevjande industri i regionen. Sauda kommune jobbar, igjennom Ryfylke IKS, og i samarbeid med Haugaland Vekst, Greater Stavanger og Rogaland fylkeskommune med å få på plass ein ny utanlandsforbindelse for datatraffikk mellom Rogaland og England. Dette vil kunna utløysa ei ny næring innan databehandling og lagring. Dette er svært kraftkrevjande og Sauda har mange fortrinn for å få ei slik næring til kommunen. Vidare skal me arbeida for å vidareutvikla reiselivs- og hytte-næringa i kommunen. Så det er mykje spennande på gang.

Då vil eg takka for det gamla og ønska alle eit godt nytt år!

 

Ordfører Asbjørn Birkeland, SP
Tlf: 52 78 63 00
Mobil: 957 75 794

Epost til ordfører Asbjørn Birkeland

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964 979 367
Kontonr.
: 3520 62 17705
Kommunenr.
: 1135