Tveit-tunet

Tveit-tunet

Tveit-tunet – restaurert tun som viser korleis eit gardsbruk såg ut før det store hamskiftet i landbruket på 1800-talet. 

Tunet ligg høgt og fritt til i Saudasjøen, ca. 220 m.o.h.

Det er ikkje faste opningstider på tunet, men dei flotte gamle bygningane utgjer eit friluftsmuseum som er verdt eit besøk sjølv om det ikkje er høve til å komma inn i husa.

Tunet blir tidvis nytta til gudsteneste og ymse arrangement. Sauda kommune eig tunet. 


Tilkomst: frå Sauda sentrum retning Saudasjøen, ta til høgre like etter tunnel, følg skilting Nordstøldalen.