Gledeskoret er i regi av kulturskulen i Sauda.
Historie: Koret hadde oppstart 15.oktober 2025.
Krav: Det einaste kravet for å bli med å synge er at ein har glede av det. Alle er velkomne!
Slik fungerer det: Koristane møtes i Nyesalen på Folkets hus kvar onsdag kl. 1100 -1300. Gledeskoret har ikkje øving når grunnskulen har ferie. Koret har ein pause cirka klokka 1200, der me har kaffi og noko godt å bite i til alle.
Gledeskoret nyttar seg ikkje av papir, men har songtekstane på storskjerm. Lærarar og vaksne elevar i kulturskulen dannar band, som akkompagnerer songarane.
Påmelding: Det er ikkje høve til å melde seg på i Gledeskoret, men me registrerer deg med namn og telefonnummer når du kjem. Alle koristane kjem når dei kan og vil, dette skal vera ein stad heilt utan press.
Samarbeid: Dette tilbodet er i samarbeid med fleire friviljuge lag, som hjelper til. Spesielt er Røde Kors -omsorg til stor hjelp med å få bebuarar frå Åbøtun på øving. Den einskilde korist har også høve til å vera til hjelp, dersom dei ønskjer det. Det kostar ikkje pengar å vera med i Gledeskoret.
Publisert 30.01.2026 08.45
Sist endret 30.01.2026 10.35