Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) ligg til grunn for barnehagemynda sin utøving av myndigheit. Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane drives i samsvar med regelverket.
Kven er barnehagemynde?
Arbeidet er organisert som eit oppgåvefellesskap mellom VISS-kommunane. (Vindafjord, Sauda og Suldal)
Det er fagrådgjevarar i Suldal og Vindafjord kommune som er barnehagemynde for Sauda kommune. Sauda kommune er barnehagemynde i Suldal og Vindafjord kommune.
For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Sauda kommune og sikre legitimiteten av arbeidet, er kommunens eigarrolle i barnehagesektoren åtskilt frå myndigheitsrolla. Barnehagemynde kan vere private barnehagars kontakt inn mot kommunens administrasjon.
Kva gjer barnehagemynde?
Barnehagemynde har tre verkemidlar til disposisjon; rettleiing, tilsyn og godkjenning. Barnehagelova gjeld for alle barnehageeigarar, både kommunale og private.
Barnehagemynda kan gje pålegg om å retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege forhold skal fungere som ein sikkerheit og fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føre til uforsvarleg tilhøve for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane.
Å syte for at regelverk blir etterfulgt inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigars praksis er i samsvar med regelverket.
a) Søknadsskjema godkjenning av barnehagar (kjem)
Søknadsskjema dispensasjon frå utdanningskrav eller pedagognorm
(Suldal kommune handsamar søknadar frå Sauda)
Les meir:
Kommunens rolle som barnehagemyndighet (udir.no)
Lov om barnehager (barnehageloven) - Lovdata