Har du uro for, eller er misnøgd med barnehagetilbodet for ditt barn?
Slik går du fram om uro/bekymring gjeld alle barna på avdelingen/i barnehagen:
Dersom du vil ta opp saker som er viktige for alle foreldre, kan du ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som består av representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen og eventuelt barnehagen sin eigar. I kommunale barnehagar er politikarar representert i samarbeidsutvalet.
Slik går du fram om uro/bekymring gjeld ditt barn:
Kontakt barnehagen først
Dersom du ønskjer å klage, eller sende ei bekymring på barnehagen sitt pedagogiske eller trivselsmessige tilbod, bør du først ta kontakt med styrar i barnehagen. Då gir du barnehagen moglegheit til å løyse saka på lågast mogleg nivå. Slike høve vert regulert av barnehagelova og forskriftar i den.
Kontakt barnehageeigar
Dersom du ikkje opplever å bli høyrt når du tek kontakt med styrar, må du ta kontakt med barnehageeigar. Kontaktinformasjon til barnehageeigar finn du på heimesida til kommunen.
Kontaktperson barnehageeigar er:
Kommunalsjef oppvekst, Målfrid Selvik Årthun
Klage til tilsynsmynde
Opplever du å ikkje bli møtt på din klage eller bekymring, verken fra styrar eller barnehageeigar? Då kan du ta kontakt med barnehagemynde og tilsynsmynde.
Kontaktpersonar tilsynsmynde er:
Tore Bastlien Dahl, Suldal kommune
Anita Jørstad Grindheim, Vindafjord kommune