Ferie for barnehagebarna
Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av barnehageåret. Minst 3 av desse vekene skal bli avvikla samahengande i perioden frå og med 16. juni, til og med 14. august.
Nytt barnehageår startar 15. august.
Ferie for barn som skal starte på skulen
Barn som skal starte på skulen har barnehageplassen fram til og med 31. juli. 3 veker samanhengande ferie må vere avvikla innan den tid.
Foreldrebetaling for barnehage opphøyrer frå og med 31.juli.
SFO-tilbodet i skulane startar 01.august.
Melding om ferie
Avvikling av sommarferie blir avtalt skriftleg med barnehagen innan 15.april, og er bindande.
Den siste ferieveka kan ein avvikle når som helst i barnehageåret, og den kan delast opp. Dette må meldast barnehagen minst ei veke før avvikling av ferie, og kan ikkje endrast når den er meldt. Planleggingsdagar kan ikkje nyttast som feriedag.
(Føresette i Brakamoen barnehage SA Ideell, må melde frå to veker i forkant av siste ferieveke.)
Før skulens feriar kan styrer spør føresette om barna skal delta i barnehagetilbudet i desse ferieukene.
Dei kommunale barnehagene vil som hovedregel vere samlokalisert to veker i juli, etter ein rotasjonsmodell mellom barnehagane. Kva to veker dette er, blir avgjort når ein har fått oversikt over innmeldt ferie. Føresette får beskjed i god tid om kva to veker barnehagane blir samlokalisert.
Kvifor er melding om ferie så viktig for barnehagane?
Barnehagane avviklar i hovudsak ferie for sine tilsette utan bruk av vikar. Det inneber at dei, så langt råd er, gir tilsette ferie når barna har ferie. Det gjer at barnehagane kan ha dei fleste tilsette på jobb når barna er i barnehagen, noko som kjem barna til gode.
Kvifor har barnehage og skule av og til planleggingsdagar på ulike dagar?
Barnehage- og skuleåret har ulik oppstart, og det påverkar når planleggingsdagane blir lagt.
Eit nytt barnehageår startar alltid 15. august, i tråd med vedtektene for kommunale barnehagar i Sauda. Barnehagane har fem planleggingsdagar kvart år, og desse blir derfor lagt etter denne datoen.
Ein praktisk grunn til at barnehageåret startar 15.august, er at dei tilsette i barnehage skal avvikle sin sommarferie. Dette skjer utan at barnehagane har stengt, og i hovudsak utan bruk av ferievikarar. Det gjer at barna møter trygge og kjende tilsette også gjennom sommaren. For at alle tilsette skal få avvikla sin ferie, treng ein tidsrommet fram til 15.august.
Skuleåret startar på ulike datoar frå år til år, fordi ein må fordele dei 190 skuledagane jamt gjennom året. Høgtider og fridagar varierer, og dette påverkar skuleruta. Skulane og SFO har seks planleggingsdagar, der tre blir brukt i forkant av skulestart for å førebu ein god oppstart for elevane.
Skuleruta blir vedteken av kommunedirektøren, basert på eit forslag frå ei interkommunal arbeidsgruppe i Nord-Rogaland. Forslaget blir sendt på høyring til fagrørsler og samarbeidsutval før endeleg vedtak.
Tidlegare har ein prøvd å leggje opp til ei heil skuleveke ved oppstart, etter ønskje frå føresette. Erfaringane frå tilsette i skule og SFO har vist at dette kan vere krevjande, sidan mange elevar framleis er i feriemodus og læringsutbyte blir heller lågt.
For skuleåret 2025-26 har ein valt å lytte til lærarane i regionen sitt ønskje, og startar skuleveka torsdag 14.august. Tilsette i skule og SFO har planleggingsdagar 11. - 13.august. Barnehagane legg dette året ein planleggingsdag til 14.august, før foppstart av nytt barnehageår, for å unngå at planleggingsdagane skal strekke seg utover ei heil veke.
Sauda kommune har forståing for at stengt barnehage og SFO ei heil veke i august kan gi utfordringar for familielogistikken, og vil i åra framover søkje løysingar som i større grad gir samanfallande planleggingsdagar for barnehage og skule/SFO også ved oppstart av året.
Dette året oppmodar me familiar til å samarbeide om løysingar for å kombinere jobb-start med behov for tilsyn med barna.
Sauda IL arrangerer Tine fotballskule i perioden 11. - 13.august 2025, eit tiltak som gjerne også kan vere eit aktuelt alternativ for familiar.