Foreldrebetaling

Makspris for barnehageplass i Sauda kommune er 1500 kroner månaden.

Makspris:

Maksprisen er bestemt av Stortinget, og gjeld ideelle, private og kommunale barnehagar.

Betaling for mat kjem i tillegg til maksprisen.

Søskenmoderasjon:

Det blir gitt 30 % moderasjon for barn to, og frå og med det tredje barnet er barnehageplassen gratis.

Redusert foreldrebetaling:

Har du låg inntekt, kan du søkje om redusert foreldrebetaling. Om makspris for barnehage er høgare enn 6 % av den samla inntekta til hushaldninga, har du rett til redusert pris.

Det er føresette som søkjer om redusert foreldrebetaling, og søknaden gjeld for eitt barnehageår. Det betyr at ein må søkje på ny kvart år.

Søknadskjema redusert foreldrebetaling

Gratis kjernetid for 2 - 5-åringar:

Barn i aldersgruppa 2 - 5 år, og barn med utsett skulestart, og som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen kvar veke.

Det er føresette som søkjer om gratis kjernetid, og søknaden gjel for eitt barnehageår. Det betyr at ein må søkje på ny kvart år.

Søknadsskjema gratis kjernetid