Opptak og fristar

Kommunen sine fire barnehagar samarbeidar om opptak av barn. 

Søknadsfrist:

Søknadsfrist til hovudopptaket er 01.mars. 

Utover denne fristen kan ein søkje om barnehageplass gjennom året. Barnet må ha personnummer for at søknaden skal registrerast, dvs. det er ikkje mogleg å søkje før barnet har fått personnummer.

 

Rett til barnehageplass:

Rett til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. (Lov om barnehagar § 16)

I tillegg har kommunestyret i Sauda kommune vedteke at alle som fyller eitt år også i perioden desember - juli, har rett til plass. 

Utover dette har kommunestyret vedteke at alle tilflyttarar har rett til barnehageplass, uavhengig av alder på barna.

 

Barnehageplass til barn utan rett:

Barnehagane gjennomfører supplerande opptak gjennom året. Det tildelast plassar om det blir ledig. Tilbod kan bli gitt i andre barnehagar enn dei som er ønska i søknaden.

 

Informasjon om barnehageplass:

De kan forvente informasjon om barnehageplass ca 3 månadar før oppstart.  

 

Opptaksorgan:

Styrarane i dei fire barnehagane og fagrådgjevar for oppvekst i Sauda kommune utgjer eit administrativt forvaltningsorgan, og tildelar plassar.

 

Klagerett:

Vedtak om tildeling av barnehageplass kan klagast på. Kommunale vedtekter for barnehage er klagegrunnlag. Det inneber at opptaket må avvike frå desse.

Grunngjeve klage sendast til post@sauda.kommume.no